Xingu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Xingu
Amazonasbekkenet med Xingu utheva
Amazonasbekkenet med Xingu utheva
Munning Amazonas
Land i nedslagsfelt Flag of Brazil.svg Brasil
Lengd 1 980 km
Nedslagsfelt 531 250 km²

Xingu (portugisisk Rio Xingu) er ei sideelv til Amazonas i Brasil og er om lag 1980 kilometer lang.

Elva har spring ut i delstaten Mato Grosso. Der startar ho som elva Tamitatoaba og renn etter kvart saman med elvane Romero og Colisu. Desse tre elvene dannar Xingu eller Parana-Xingu som renn nordover gjennom delstatane Mato Grosso og Pará. Fossen Itamarca dannar det øvste punktet der elva er farbar med større fartøy. Ved utløpet til Amazonaselva, ved Porto de Moz dannar Xingu ein stor sjø og dei to elvane renn saman i ein labyrint av mindre øyer og tregrupper.

Xingu har fått namnet sitt etter den indianske urfolkgruppa Xingu. Det er òg namnet på ein nasjonalpark i området.

Det har vore sterke protestar mot utbygging av demningar i elva, berre prosjektet Belo Monte-demninga kan gje ei oversvømming som fører til flytting av minst 16 500 personar, stort sett urfolk.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Black, Maggie og Jannet King: The Atlas of Water, Earthscan 2009, side 58-59.