Xining

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
西宁 (pinyin Xīníng)


ཟི་ནིང་ ( Silung eller Ziling)

Tidlegare namn tradisjonell kinesisk 西寧, Wylie: Zi-ning
Det moderne Xining nattestider, 2008
Det moderne Xining nattestider, 2008
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Qinghai
Geografi
Flatevidd
 - By

7372 km²
Innbyggjarar
 - By
   - folketettleik

2,177,900
  295.4/km²
Koordinatar 36°38′″N 101°46′″EKoordinatar: 36°38′″N 101°46′″E
Høgd over havet 2275 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 810000
Telefon-retningsnummer 971
Bilnummer A
Nettstad: xining.gov.cn
Plassering
Plassering av  Xining
Frå Folkets Park i Xining.

Xining eller på tibetansk Silung eller Ziling er eit kinesisk byprefektur som er hovudstad i provinsen Qinghai i det vestlege Kina. Folkesetnaden innan grensene er estimert til 783 000, men heile prefekturet har 1,11 millionar innbyggjarar (2004).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dongguanmoskeen i Xining

Byen vart grunnlagt på 200-talet f.Kr., då Han-dynastiet etablerte ein garnison her. Opp gjennom hundreåra vart staden i periodar herska av kinesarane, tidvis av tributtstatar eller av folk som låg i konflikt med Kina.

Byen vert rekna som del av den tibetanske kulturregion og tidlegare provinsen Amdo.

Byen hadde i 1940-åra kring 50 000 innbyggjarar, men er sidan vakse til millionby.

Rundt 90 km utanfor Xining er ein arbeidsleir der ein under Kulturrevolusjonen haldt innesperra overhovudet for eit lamaistisk kloster og 200 bonser. Dei utførde tvangsarbeid i ein fabrikk for bildelar.

Xiningjordskjelvet 1927[endre | endre wikiteksten]

Den 23. mai 1927 vart Xining råka av eit jordskjelv som målte 7,6 på Richterskalaen. Det omkom 41 000 menneske og landforskyvingane var store.

Administrative einingar[endre | endre wikiteksten]

Byprefekturet Xining har jurisdiksjon over 4 distrikt (区 ), 2 fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Kart # Namn Hanzi Pinyin Folkesetnad (2003 est.) Areal (km²) Tettleik (/km²)
Xining mcp.png
Distrikt
1 Chengzhong 城中区 Chéngzhōng Qū 150 000 11 13 636
2 Chengdong 城东区 Chéngdōng Qū 230 000 115 2 000
3 Chengxi 城西区 Chéngxī Qū 220 000 79 2 785
4 Chengbei 城北区 Chéngběi Qū 200 000 138 1 449
Fylker
5 Huangyuan 湟源县 Huángyuán Xiàn 140 000 1 609 87
6 Huangzhong 湟中县 Huángzhōng Xiàn 470 000 2 430 193
Autonome fylker
7 Datong
(For huiane og tuane)
大通回族
土族自治县
Dàtōng Huízú Tǔzú
Zìzhìxiàn
430 000 3 090 139

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Monument utanfor jernbanestasjonen i Xining

Riksveg 109 går gjennom området. Han knyter Beijing saman med Lhasa i den autonome regionen Tibet. Han går vestover frå Beijing via Datong, Yinchuan, Lanzhou og Xining til Golmud før han vender sørvestover mot Lhasa.

Riksveg fører frå Xining til Jinghong i Yunnan.

Riksveg 227 fører frå Xining til Zhangye i provinsen Gansu.

Riksveg 315 byrjar i Xining og fører til Kashgar (Kashi) i Xinjiang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]