Xylografi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Xylografi (av gresk xylos «tre») eller trestikk er ein grafisk metode, der ein graverer ei trykkplate i eit særs hardt treslag, ofte buksbom. Trestikket skil seg frå tresnittet ved at det vert skore i endeveden, ikkje i langveden, slik at ein vert uavhengig av retningane i veden og kan arbeide med tynnare og finare liner. I trestikket kan ein få fram mange valørar av gråtonar.
Metoden vart oppfunnen av britten Thomas Bewick og vart mykje bruka for framstilling av bokillustrasjonar på 1800-talet.
[endre] Litteratur
- Johannesson, Lena, Xylografi och pressbild: bidrag till trägravyrens och till den svenska bildjournalistikens historia. Stockholm 1982.