Xylose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Xylose eller tresukker er ein sukkerart (monosakkarid, sjå pentoser) som er særs vanleg i plantemateriale, særleg i tre. I form av polysakkaridet xylan, som er det viktigaste av hemicellulosene, utgjer xylose om lag 30 % av veden i lauvtre. Xylose finst òg i tragant og i visse glykosider. Xylolose vert framstilt ved hydrolyse av tre, strå og liknande. Xylose og den tilsvarande alkoholen, xylitol, vert mellom anna nytta som kunstig søtstoff.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]