YIT

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

YIT (finsk Yleinen Insinööritoimisto, omsett til norsk 'Det almenne ingeniørbyrået') er ein av Nordens største leverandørar av tekniske bygginstallasjonar. I 2011 omsette konsernet for ca. 35 milliardar kroner og hadde 26 500 tilsette fordelt på 14 land. YIT satsar på entreprenørverksemd i Russland og Baltikum, byggtekniske fag i Norden og Baltikum samt industri- og nettverkstenester i heile marknadsområdet. Sommaren 2008 utvida YIT verksemda si i Sentral-Europa ved å kjøpa opp MCE gebäudetechnik i Tyskland, Austerrike, Tsjekkia, Polen, Ungarn og Romania.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

YIT AS er ein norsk leverandør av tekniske bygginstallasjonar. Hovudtyngda av leveransane ligg innanfor fagområda inneklima, elektro, automasjon, energisparing, røyr, IKT, audiovisuelle løysingar og elektroniske sikkerheitssystem. YIT er samstundes ein leverandør av service på tekniske bygginstallasjonar, og tenester for eigedomsdrift. Selskapet er sertifisert av Det Norske Veritas, og har følgjande sertifikat: NS-EN ISO 9001 (kvalitet), NS-EN ISO 14001 (det ytre miljø) og OHSAS 18001 (HMS).

I Noreg omsette YIT med sine 3 600 tilsette for 4,1 milliardar kroner (2011). YIT sine tilsette i Noreg er fordelt på 60 ulike stader. Hovudkontoret ligg i Ole Deviksvei 10 i Oslo.

YIT-konsernet si internasjonale verksemd, med meir enn 25.000 tilsette, er leia av Juhani Pitkäkoski (President and CEO) og delt inn i fire forretningssegment:

  • Building and Industrial Services Northern Europe, leia av Matti Malmberg (Finland)
  • Building and Industrial Services Central Europe, leia av Karl-Walter Schuster (Tyskland)
  • International Construction Services, leia av Kari Kauniskangas (Finland)
  • Construction Services Finland, leia av Tero Kiviniemi (Finland)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]