Ya'an

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ya'an (gul) i Sichuan

Ya'an (kinesisk: 雅安; pinyin: Yǎ'ān) er eit byprefektur midt i provinsen Sichuan i Kina. Byprefekturet har eit areal på 15 354 km², folketalet vart i 2004 berekna til 1,53 millionar.

Byprefekturet Ya'an omfattar eitt distrikt (区 ) og sju fylke (县 xiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 108 går gjennom området. Riksvegen tek til i Beijing og fører via Taiyuan, Xi'an og Chengdu sør til Kunming i den sørvestlege provinsen Yunnan.

Også Kinas riksveg 318 går gjennom prefekturet, han er ein av dei lengste hovudvegane i Folkerepublikken Kina. Vegen tek til i Shanghai og er mellom anna innom Wuhan og Chengdu før han går inn i Tibet og Lhasa og heilt fram til ein kinesisk grenseovergang mot Nepal i Zhangmu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]