Yagur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yagur
landsby
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt
Kommune Zevulun regionale kommune
Koordinatar 32°44′29.4″N 35°4′37.91″E / 32.741500°N 35.0771972°E / 32.741500; 35.0771972
Folketal 1 124  (2008)
Grunnlagd 1922
 - Grunnlagd av Ahva-medlemmer
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Yagur
32°44′29″N 35°04′38″E / 32.7415°N 35.077197222222°E / 32.7415; 35.077197222222
Wikimedia Commons: Yagur
Nettstad: www.yagur.com

Yagur (hebraisk skrift יָגוּר) er ein kibbutz nord i Israel på nordaustsida av Karmelberget.[1] Han er kring 9 km søraust for Haifa og ein av dei to største kibbutzar i landet. I 2008 hadde han eit folketal på 1 124. Landsbyen høyrer til Zevulun regionale kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Shomeria-gruppa i Yagur i 1921
Felles etesal i Yagur.

Yagur vart grunnlagd i 1922 av ei gruppe kalla Ahva. Namnet vart teken frå ein arabisk landsby i nærleiken kalla «Yajur». Det ligg ein stad med liknande namn (Jagur), nemnt i Josvas bok 15:21, lenger sør.

Dei første innbyggjarane drenrte myrområde kring Kishonelva og førebudde landområdet for permanent busetnad. Dei delte opp området til forskjellig jordbruk og kibbutzen byrja å vekse.

Den 11. april 1931 vart tre medlemmar frå kibbutzen drepen av ei celle av Svart hand.[2]

Under Palestinamandatet var Yagur eit viktig senter for Haganah. Under Operasjon Agatha den 29. juni 1946 utførte den britiske hæren eit stort raid på kibbutzen og fann eit stort våpenlager der etter eit tips frå ein informant. Våpena vart konfiskerte og mange av innbyggjarane i kibbutzen vart arresterte.[3]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien er i dag basert på mangfaldig jordbruk og industri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Yagur Stream
  2. Kayyali, Abdul-Wahhab Said (no date) Palestina. A Modern Historie Croom Helm. ISBN 086199-007-2. s.164
  3. Report on arms caches found at Mesheq Yagur koloni including diagrams, ParaData website, Airborne Forces Museum, Duxford.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]