Yamanlar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 38°32′0″N 27°14′0″E
Yamanlar
fjell
none  İzmirbukta frå Yamanlar
İzmirbukta frå Yamanlar
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Provins provinsen İzmir
Topp landsbyen Yamanlar i Karşıyaka
 - høgd 1 076 moh
 - koordinatar 38°32′0″N 27°14′0″E
type skjoldvulkan
Turkey location map.svg
Locator Red.svg

Yamanlar (tyrkisk Yamanlar Dağı) er eit fjell i İzmir i Tyrkia, innanfor grensene til storbyområdet til byen. Fjellet er ein utdøydd vulkan.

Fjellet er ein populær stad for utflukter for innbyggjarane i Izmir. Det går ein bratt veg opp til toppen. Det ligg ein landsby med same namn i fjellet på veg til toppen. Landsbyen høyrer til bydelen Karşıyaka og ligg kring 20 km frå sentrum av Karşıyaka.

Frå toppen har ein vidt utsyn over İzmirbukta. Ein kratersjø kalla Karagöl (tyder Svartsjø på tyrkisk) ligg nær toppen.

I november 1995 vart fjellet råka av ein styrtflod som kravde minst 61 menneskeliv i eit slumliknande område i fjellsida. Fem personar miste livet hausten 2001 i ei liknande hending.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Yamanlar