Yan'an

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yan'an
byprefektur
Land  Folkerepublikken Kina
Areal 37 030,54 km²
Folketal 2 282 581 (2020)[1]
Kart
Yan'an
36°35′43″N 109°29′11″E / 36.59523°N 109.48628°E / 36.59523; 109.48628
Plasseinga av Yan'an (gul) i Shaanxi
Plasseinga av Yan'an (gul) i Shaanxi
Plasseinga av Yan'an (gul) i Shaanxi
Wikimedia Commons: Yan'an

Yan'an (kinesisk skrift 延安市, pinyin Yán’ān Shì) er eit byprefektur nord i provinsen Shaanxi i det sentrale Kina. Prefekturet dekker eit areal på 36 712 km² og har om lag 2,19 millionar ibuarar.

Byprefekturet Yan'an omfattar eitt bydistrikt (区 ) og tolv fylke (县 xiàn). Mellom dei tolv fylka er Zhidan, tidlegare Bao'an, som fungerte som kinesisk kommunistisk hovudstad inntil Yan'an fekk rolla.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Yan'an er eit reisemål for såkalla «raud turisme» grunna den rolla området spela i perioden 1936-48 som base- og oppladningsstad for dei kinesiske kommunistane før det oppgjeret med Kuomintangregjeringa i åra etter 1945.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 210 i Kina går gjennom området. Riksvegen tek til i Baotou i Indre Mongolia, fører gjennom Yan'an, Xi'an, Chongqing og Guiyang og endar opp i Nanning i Guangxi.

Byprefekturet har flysamband over lufthamna Yan'an Ershilipu.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I kinesisk mellomalder vart byen Yan'an kalla Yanzhou. Området vart militærstrategisk viktig for keiserrikat og for tangutane i Det vestlege Xia-dynastiet. Byen vart lenge forsvara av Song-dynastiet (960-1279), før han vart overteken av tangutane i 1082 etter at den nye kanslaren Cai Que let tangutane få kontroll over byen som del av ei fredsavtale. Yan'an og heile Shaanxi vart erobra av mongolane seint i 1220-åra, etter at leiaren deira, Dsjengis Khan, i 1227 hadde døydd under kringsetjinga av Vestxiahovedstaden. Både under Ming-dynastiet (1368–1644) og Qing-dynastiet (1644–1911) rådde keisardømmet over Yan'an.

Mao Zedong i Yan'an i 1938

Yan'anområdet var målet for «Den lange marsjen» og funksjonell hovudstad for den kinesiske kommunistrørsla i tida 1936–48. Kommunistane tok over den katolske katedralen, som var bygt under leiing av ein spansk fransiskanarpater i 1934, og nytta bygningen til møtelokale. Seinare vart ho nytta som kaderskule. Den restaurerte bygningen er i dag eit kommunistisk minnesmerke. Kommunistane i Kina ser på Yan'an som revolusjonen si vogge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Yan'an
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://tjj.shaanxi.gov.cn/tjsj/ndsj/tjgb/qs_444/202105/t20210528_2177393.html.