Yanbu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yanbu eller Yanbo al-Bahr er ein by i Saudi-Arabia som ligg ved Raudehavet, om lag 170 km vest for Medina. Byen hadde nesten 190 000 innbyggjarar i 2005.
Hovudnæringa i byen var opphavleg basert på pilegrimstrafikk og eksport av jordbruksprodukt, særleg dadlar. Etter at hamna i byen vart utvida, har byen overteke mykje av presset på Jiddah. Petrokjemisk industri er òg viktig i byen.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Yanbu»
Denne geografiartikkelen som har med Saudi-Arabia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.