Yangon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yangon (ရန်ကုန်)
by
none
Folketal 4 348 000

Yangon, tidlegare kjent som Rangoon, er den største byen i Myanmar (Burma) og var hovudstad i landet fram til 2005, då Naypyidaw overtok som nye hovudstad. Byen ligg ved Yangon-elva, om lag 30 km frå munningen hennar. Folketalet i byen er noko over fire millionar.

Det meste av utanrikshandelen til Myanmar går gjennom den travle hamna i byen. Yangon er knutepunkt for jernbanen i landet og dei indre vassvegane. Lufthamna Mingaladon er eit knutepunkt for internasjonale flyruter.

Av industri i byen finn ein rismøller, sagbruk, tekstil- og gummiindustri, såpeproduksjon og oljeraffinering. Universitetet i byen vart grunnlagd i 1920 og han har òg ein teknisk høgskule. Yangon er bygd opp etter eit rutenett og har mange parkar. Shwe Dagon eller «den gylne pagoden» dominerer bybiletet med eit 112 metrer høgt forgylt spir. Dette er den buddhistiske heilagdomen i Bakindia og vart i følgje segna starta i 588 f.kr. Byen har òg ei anglikansk og ei katolsk domkyrkje.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart truleg stifta på 500-talet og var opphavleg berre ein liten fiskelandsby kring pagoden Shwe Dagon. Kong Alaungapaya erklærde byen hovudstad i 1753 og han endra i 1755 namn frå Dagon til Yangon. Byen vart på kort tid ein viktig hamneby. I 1841 vart byen råka av ein brann som øydela det meste. Han vart igjen øydelagd i 1852 av britane, som under gjenoppbygginga bygde eit rektangulært gatenett og anglifiserte namnet på byen til Rangoon. Byen vart hovudstad for heile Myanmar (Burma) etter at britane sameinte dei nedre og øvre delane av landet i 1885. Før den andre verdskrigen var fleirtalet av innbyggjarane indarar, kinesarar og europearar, men byen har seinare fått ein stor overvekt av burmanarar.

I 1988 kom det til blodige samanstøytar då militæret slo ned på demonstrerande studentar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Yangon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]