Yantai

Koordinatar: 40°4′N 113°17′E / 40.067°N 113.283°E / 40.067; 113.283
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
kinesisk 烟台, pinyin Yāntái
Stranda i Yantai.
Stranda i Yantai.
Stranda i Yantai.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Shandong
Borgarmeister Zhang Jiangting
Geografi
Flatevidd 13 851,5 km²
Flatevidd
 - By

13,739.9 km²
Innbyggjarar2008
 - By

6,516,900
Koordinatar 40°4′N 113°17′E / 40.067°N 113.283°E / 40.067; 113.283
Høgd over havet 1090 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 264000-265800
Telefon-retningsnummer 535
Bilnummer F
Heimeside: http://www.yantai.gov.cn
Nettstad: yantai.gov.cn
Plassering
Plassering av Yantai
Plassering av Yantai

Yantai er eit kinesisk byprefektur i provinsen Shandong ved den kinesiske kysten mot Bo Hai, ein del av Gulehavet. Folkesetnaden innanfor bygrensene vert rekna (2004) til 652.000, men heile prefekturet har 6,5 millionar innbyggjarar.

Byen er den største fiskerihamna nordaust på Shandonghalvøya og eit viktig økonomisk senter.

Namna til byen[endre | endre wikiteksten]

Dei gamle vestlege namna til byen «Chefoo» byggjer eigenleg på ei mistyding, fordi Chefoo eigenleg er den vesle øya Zhifu (moderne transkripsjon) i Bo Hai-havet som vart styrt frå Yantai på fastlandet. Men òg namnet «Yantai» har noko med denne øya å gjere, for under Ming-dynastiet vart det bygd eit fyr på Zhifu. Yantai tyder 'varselstårn'.

Administrative einingar[endre | endre wikiteksten]

Yantai består av fire bydistrikter, éit fylke og sju byfylke:

  • Distriktet Zhifu (芝罘区), 174 km², ca. 640 000 innbyggjarar (2001);
  • Distriktet Fushan (福山区), 706 km², ca. 340 000 innbyggjarar (2001);
  • Distriktet Laishan (莱山区), 258 km², ca. 160 000 innbyggjarar (2001);
  • Distriktet Muping (牟平区), 1.589 km², ca. 480 000 innbyggjarar (2001);
  • Fylket Changdao (长岛县), 56 km², ca. 50 000 innbyggjarar (2001);
  • Byfylket Qixia (栖霞市), 2 016 km², ca. 660 000 innbyggjarar (2001);
  • Byfylket Haiyang (海阳市), 1 881,6 km², ca. 690 000 innbyggjarar (2001);
  • Byfylket Longkou (龙口市), 893 km², ca. 620 000 innbyggjarar (2001);
  • Byfylket Laiyang (莱阳市), 1 732 km², ca. 890 000 innbyggjarar (2001);
  • Byfylket Laizhou (莱州市), 1 878 km², ca. 870 000 innbyggjarar (2001);
  • Byfylket Penglai (蓬莱市), 1 129 km², ca. 480 000 innbyggjarar (2001);
  • Byfylket Zhaoyuan (招远市), 1 433 km², ca. 580 000 innbyggjarar (2001).

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Både riksveg 204 (G204) og 206 (G206) byrjar i Yantai.

G204 går til Shanghai, gjennom provinsane Shandong og Jiangsu. G206 går gjennom Shandong, Jiangsu, Anhui, Jiangxi og til slutt Guangdong.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Regionen var opphavleg folkesett av ei folkegruppe kalla dongyi, «dei austlege Yi» (som ikkje var han-kinesarar). Ein meiner at dei i Xia-epoken tidleg i det andre årtusenet f.Kr hadde etablert eit eige kongedøme i området rundt der den moderne byen Laizhou no ligg. Han utvikla seg til føydalstaten Lai på tida til dei stridande statane og vart så annektert av staten Qi. Under Qin-dynastiet høyrde til Yantai prefekturet Qi (kalla Donglai-prefekturet på Han-dynastiet si tid). På Jin-riket si tid (265-420) vart Donglai kongedøme, men gjekk seinare tilbake til prefekturstatus (først jùn, så zhōu). Seinare vart byen til subprefekturet Laizhou (under Qing-tida subprefekturet Dengzhou).

I juli 1858 underteikna det kinesiske keisarriket Tianjintraktaten og Dengzhou forandra namn ein siste gong. Yantai opna hamna si for handel i mai 1861, men vart ikkje designert som internasjonal handelshamn før noko seinare same år, den 22. august. Dette dekretet kom samstundes med konstruksjonen av Donghaipasset. 17 nasjonar, mellom dei Storbritannia, etablerte ambassadar i Yantai. Chefoo-konvensjonen vart underteikna der i 1876.

Frimerke frå Qing-dynastiet si tid.

I 1894 var byen vorte sete for ein katolsk apostolisk vikar med ansvar for katolsk misjon i det som vart kalla det apostoliske vikariat Aust-Shandong (frå 1924 kalla det ap. vikariatet Chefoo). Den 11. april 1946 vart det oppgradert til bispedømme ved namn Yentai. Den kinesiske fransiskanerpresten Alphonsus Zong Huaimo O.F.M (1904-1975/1978) vart biskop der i 1951. Etter at alle utanlandske biskopar vart utvist av kommunistregimet i 1953, vart den katolske kyrkja utsett for eit sterkt press for å innordne seg som ei kommunistiskstyrt statskyrkje lausrive frå Pavestolen. I 1957 vart biskop Zong ein av dei første ti såkalla «patriotiske» biskopar i denne nye kyrkjelege strukturen.

Den 12. november 1911 erklærde den austlege greina av Tongmeng Hui seg som del av den revolusjonære rørsla. Neste dag etablerte han militærregjeringa i Shandong og den påfølgjande dagen gav han seg sjølv det nye namnet Yantaiavdelingen av Shandongs militærregjering. I 1914 vart Jiaodong-kretsen organisert med Yantai som hovudstad. Jiaodongkretsen endra i 1925 namn til Donghaikretsen. Den 19. januar 1938 deltok Yantai som del av ein antijapansk revolusjonær komité.

Etter skipinga av Folkerepublikken Kina vart Yantai i 1950 gjeve bystatus og dei nærliggande byane Laiyang og Wendeng vart lagt under han som «spesialregioner». Wendeng vart innlemma i Laiyang seks år seinare og denne større Laiyang spesialregion vart deretter slått saman med Yantai. Den nye eininga vart designert som Yantairegionen. I november 1983 fekk regionen status som på prefekturnivå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]