Yao Wenyuan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yao Wenyuan

Verkeleg namn kinesisk skrift 姚文元, pinyin Yáo Wényuán
Statsborgarskap Folkerepublikken Kina, Republikken Kina
Fødd 11. desember 1931
Zhuji
Død

23. desember 2005 (74 år)
Shanghai

Yrke politikar, litteraturkritikar
Språk kinesisk
Politisk parti Kinas kommunistparti
Medlem av Firerbanden
Straff fengselsstraff
Yao Wenyuan på Commons

Yao Wenyuan (fødd 1931 i Shanghai i Kina, død 23. desember 2005 same stad) var ein kinesisk litteraturkritikar og politikar og eit medlem av den såkalla «Firarbanden» under Kulturrevolusjonen.

Han byrja karrieren sin i Shanghai som litteraturkritikar og vart kjent for den skarpe kritikken sin av kollegaene sine, særleg etter at han i juni 1957 langa ut mot avisa Wenhuibao. Frå den tida byrja han å knyte seg opp i mot dei mest venstreorienterte politikarane i Shanghai, mellom dei leiaren for bystyret sin propagandaavdeling, Zhang Chunqiao. Artikkelen hans «Om den nye historiske beijingoperaen 'Hai Rui blir avsett frå embetet',[a] publisert i Shanghaiavisa Wenhuibao den 10. november 1965 var med på å lansere Kulturrevolusjonen.

Artikkelen var om ein populær opera skriven av Wu Han, som var stadfortrådande borgarmeister av Beijing. Zhang Chunqiao og Jiang Qing, som saman med Mao Zedong skreiv avisartikkelen, ville gjere det gjeldande at Wu Operaen hans var kontrarevolusjonær fordi han visstnok la til rette for ei samanlikning med den dagsaktuelle situasjon og følgjeleg kritiserte Mao Zedong for å ha avsett rettskafne medarbeidarar.

I stykket om Hai Rui dreidde det seg om avsetjinga av ein keisarleg mandarin som hadde talt saka til bøndene overfor den keisarlege regjeringa, med tiltala om at mennene til regjeringa hykla om rettferda si men i røyndom undertrykte bøndene. Han mista deretter stillinga. Yao hevda at operastykket var eit fordekt åtak på Mao fordi han i 1959 hadde avsett forsvarsminister Peng Dehuai, som hadde kritisert moderniseringskampanjen til Mao, Det store spranget framover, som hadde mislukkast katastrofalt.

Partileiinga i Beijing vart overraska og forvirra av dette åtaket, som vart trykt opp i dei viktigare avisene i heile landet. Dei freista å slå ring om Wu Han. Dette gav Mao høvet han var ute etter for å initiere «kampsesjonar» mot dei året etter. Yao vart på si side utnemnd til medlem av planleggings- og styringsorganet Kulturrevolusjonsgruppa. Yao Wenyuan hadde den ideelle bakgrunnen for å framføre kritikken mot operaen, sidan hans eigen kommunistiske bakgrunn var plettfri.

I april 1969 vart han medlem av Politbyrået og konsentrerte seg om propagandaarbeid. Han var med i gruppa «Proletære arbeidarar for reinskap» og vart redaktør for den viktigaste avisa i Shanghai «Frigjeringsdagsavisa». Han deltok i strevet staten hadde med å fjerne den kjende forfattaren Hu Feng frå Det kinesiske forfattarforbundet.

I oktober 1976 vart han arrestert for handlingane sine under Kulturrevolusjonen og dømd til 20 års fengsel.

Han vart lauslaten 23. oktober 1996 og brukte resten av livet sitt til å forfatte ei bok og til studiet av kinesisk historie. Han budde i heimbyen Shanghai og vart den siste gjenlevande av «Firabanden» etter at Zhang Chunqiao døydde i april 2005. Sjølv døydde han seinare same året.[1]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kinesisk 海瑞罢官, pinyin Hăi Ruì bà guān

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.abc.net.au/news/newsitems/200601/s1543163.htm