Yap

Koordinatar: 09°32′00″N 138°07′00″E / 9.53333°N 138.11667°E / 9.53333; 138.11667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yap
Flagget til Yap
Flagget til Yap
Geografi
Koordinatar 09°32′00″N 138°07′00″E / 9.53333°N 138.11667°E / 9.53333; 138.11667
Øygruppe Mirkonesia

Areal 100,2 km² km²

Administrasjon
Land Mikronesiaføderasjonen
Demografi
Folketal 6300 (2003)

Yap er ei øy og ein delstat i Mikronesiaføderasjonen i det vestlege Stillehavet. Yap er kjent for den tradisjonelle valutaen sin, rai-steinar, store steinpengar som framleis kan nyttast som symbolske gåver.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya Yap ligg blant dei vestlege Karolinane i Mikronesia, ca. 1200 km austom Filippinane. Saman med dei mindre øyane Gagil-Tomil, Maap og Rumung dannar ho Yapøyane, som er omslutta av eit korallrev.

Ved Colonia

Yapøyane er òg hovedområdet i delstaten Yap òg kalla Yap-State. Delstaten består omfram Yapøyene av rundt 145 øyar og atollar kalla Outer Islands («Dei ytre øyane»), der dei største er Ngulu, Ulithi, Sorol, Eauripik, Woleai, Ifalik, Faraulep, Lamotrek og Satawal. Innbyggjartalet i delstaten ligg på rundt 11 000, der ca 70 % bor på Yapøyene, dei fleste i hovudstaden Colonia på austsida av hovudøya.

Lufthamna til øya heiter Yap International (IATA-flyplasskode: YAP) og ligg sørvest for Colonia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Yapøyene har truleg vore busett sidan cirka 3000 f.Kr. Dei vart oppdaga av europearar i januar 1528 av den spanske kapteinen Álvaro dei Saavedra.

Tyskland kjøpte øygruppa i 1899 og han vart då ein del av Tysk Ny-Guinea. Under første verdskrigen vart området okkupert av Japan i oktober 1914. Japan heldt forvaltningsmandatet over området ved Versaillesfreden i 1919.

Under andre verdskrigen vart øygruppa brukt som fly- og flåtebase av Japan fram til området vart erobra av USA i 1945.

I 1947 vart Yapøyane og resten av Karolinane av SN slått saman til US Trust Territory of the Pacific Islands, forvalta av USA.

Den 10. mai 1979 vart den autonome føderasjonen Mikronesia danna med lokalt sjølvstyre og den 3. november 1986 vart landa sjølvstendig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]