Yapesisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yapesisk
Klassifisering: Austronesisk
 Malayopolynesisk
  Sentralt austleg
   Austleg malayopolynesisk
    Oseanisk
     Yapesisk
Bruk
Tala i: Flag of the Federated States of Micronesia.svg Mikronesiaføderasjonen
Yapesisktalande i alt: 6 600[1]
Språkkodar
ISO 639-2: yap
ISO 639-3: yap

Yapesisk er eit oseanisk språk i den austronesiske språkfamilien som blir tala på øya Yap i Mikronesiaføderasjonen.

Språket er kjenneteikna av mange glottale lukkelydar. Dei finst i dei fleste ord som byrjer med vokal, mellom vokalar og i slutten av mange ord. I yapesisk ortografi har ein tradisjonelt ikkje markert denne lukkelyden, men i ei rettskriving frå 1970-talet der ein byrja skriva lange vokallydar med doble vokalar byrja ein markert denne lukkelyden med q for å unngå forvirring.

Språkdøme:[2]

Norsk Yapesisk
eg g|aeg
du guur
han/ho qiir
me gad|ow, gam|ow
de gimeew
dei yow
stein malaaŋ
sand yaan'
gras paan
jord buut'
ferskvatn rawn
saltvatn daay
fisk niig
fugl qarcheaq
ein taqreeb
to l'agruw
tre dalip
fire qanŋeeg, anngeeg
fem lal'

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Language: Yapese ved Austronesian Basic Vocabulary Database. Fleire språkdøme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]