Yasuní nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yasuni)
██ Området til huaorani ██ Nasjonalparkområdet
Kvitbeltesvaler, Atticora fasciata, kviler på ein trestubbe i Rio Tiputini, Yasuni nasjonalpark

Yasuní nasjonalpark i Ecuador dekkjer i dag eit areal på 9 820 kvadratkilometer og ligg mellom Napoelva og Curarayelva i Napoprovinsen og Pastazaprovinsen i Amazonasregionen, omkring 250 km aust for Quito.

Denne nasjonalparken var opphavleg tropisk regnskog. Der har vore fleire kontroversar kring vegbygginga i parken som gjer det mogleg å forske ut og ta ut frå petroleumsførekomstar innanfor parken. Kjente vitskapsfolk som Jane Goodall har protestert mot bygginga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Parken vart oppretta i 1979 for å verne eit område som er eit av verdas største på biodiversitet. Første åra var 6 790 km² verna. I 1990 vart arealet redusert då huaoranifolket fekk sitt reservat. I 1992 fekk parken arealet det har i dag etter at ein bit kor det gjekk føre seg petroleumsverksemd i parken vart teken ut av arealet, medan eit anna og større areal vart definert inn i parken. I 1999 vart ei sone innanfor parken og ei sone utanfor parken definert som spesielle ved at det er lagt inn restriksjonar på å nytte ut områda, det hindrar likevel ikkje at det går føre seg petroleumsverksemd i ei av sonene.

Yasuní biosfærereservat[endre | endre wikiteksten]

Saman med det etniske reservatet åt huaoranifolket utgjer Yasuní eit biosfærereservat på totalt 1 682 000 km². Reservatet vart utpeika av UNESCO i 1989.

Kva ein finn i Yasuní[endre | endre wikiteksten]

Langt frå all flora og fauna i parken er granska. Ecuador er eit av landa i verda med flest registrerte fugleartar, ca. 1500 artar. Av desse er 567 registert i parken, berre ca. 100 færre enn i heile Europa. Parken er heim for 173 artar av pattedyr, 79 artar flaggermus, 10 primatar, 105 amfibieartar, 83 artar reptil og 382 fiskeartar. Arealet av Yasuní måler berre 0,15 % av arealet åt Amazonasbassenget, men parken har 40 % av alle artar pattedyr i Amazonas.

Fram til år 2005 var det skildra 1762 artar av tre og buskar, av desse var 366 enda ikkje klassifiserte. Men ein reknar at parken kan romme totalt ca. 2250 tre- og buskartar. Til samanlikning, i heile Nord-Amerika finn ein ca. 680 artar, omtrent same tal som for eit hektar i Yasuní. Parken har verdas største tal av epifyttartar i lågland, og mange av artane er endemiske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]