Yasushi Nakanishi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yasushi Nakanishi
Fødd18. juli 1961 (62 år)
FødestadNara
Alias中西 (保志 Nakanishi Yasushi)
Opphav Japan
Aktiv1982–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapNippon Columbia, Tokuma Japan Communications Co., Ltd.
Verka somSangar

Yasushi Nakanishi (fødd 18. juli 1961) er ein japansk musikar og songar frå Nara i Japan. Han er kjend som soloartist, og er kanskje mest kjend for sine to første singlar «Ai shika nai» og «Saigo no Ame» som han gav ut i 1992[1].

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Yasushi Nakanishi vart fødd i Nara i Japan. I 1980, etter å ha fullført vidaregåande skule, byrja han å studere økonomi i Kyoto. Der deltok han i glee club (eit slags kor) og byrja etter kvart å synge i band. Hen deltok på audition, men starta inga musikkariere. Etter å ha blitt uteksaminert frå universitetet sitt gjekk han ut i jobb, men på grunn av mykje stress slutta han i jobben sin.

Gjennombrot[endre | endre wikiteksten]

Yasushi Nakanishi fekk etter kvart oppmerksemd frå japanske plateselskap. Det heile starta med nokre gode etterlikningar av Stevie Wonder ved ein klubb i Tokyo. I 1992 gav han ut sin første singel Ai shika nai gjennom Columbia Japan. Den vart fulgt opp av Saigo no ame same året.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1992 Ai Shika Nai Yo (愛しかないよ)
  • 1992 Saigo No Ame (最後の雨)
  • 1993 Omoide O Tojikomete (想い出を閉じこめて)
  • 1993 Sennen Mae Kara Mitsumeteita (千年前から見つめていた)
  • 1993 LAST CALL
  • 1994 UNFINISH~Ano Hi No Kimi Ga Iru (UNFINISH~あの日の君がいる)
  • 1994 Dakara Oboeteiru (だから憶えている)
  • 1995 Kansou No Uta (歓送の歌)
  • 1995 Shiawase No Maebure (幸せのまえぶれ)
  • 1995 Kuchibiru No Katachi (唇のかたち)
  • 1996 Kanashimi No Tame Ja Nai (悲しみのためじゃない)
  • 1997 Sore de ii yo (それでいいよ)
  • 1997 Kow wa ii ne (恋はいいね)
  • 1998 ONE
  • 1998 Kotae (答え)
  • 1999 Yuzurenai Ai wa nido to nai (譲れない愛は二度とない)
  • 1999 Shiawase no Doa (幸せのドア)

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1992 VOICE PEAKS '
  • 1993 Warmin'
  • 1994 Truth
  • 1995 PLEASURE
  • 1996 I'm here
  • 1998 Affection
  • 2005 PROCEED
  • 2007 STANDARDS
  • 2007 STANDARDS2
  • 2007 STANDARDS3
  • 2009 Melodies (メロディーズ)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]