Yatzy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yatzyblokk med terningar.

Yatzy er eit terningspel for to eller fleire personar. Yatzy vert spela med fem terningar.

Spelarane får poeng for 15 forskjellige slags terningkonstellasjonar, og i kvar runde har dei inntil tre kast med kvar terning for å oppnå best mogleg poengsum for éin av desse konstellasjonane.

Det er opp til spelaren å avgjere kva for ein konstellasjon han vil føre kastet på. I variant av spelet er han nøydd til å oppnå konstellasjonane i ein tvungen rekkjefølgje.

Konstellasjonar og poengrekning[endre | endre wikiteksten]

Spelaren oppnår eitt poeng for kvart terningsauga som inngår i konstellasjonen. Dei terningane som ikkje inngår i konstellasjonen, vert ikkje rekna med. Kastet yatzy (fem like) gjev femti poeng, same kor mange augo som inngår.

Konstellasjonane er:

  • Einarar - Gjev same poengtal som talet på augo på einarane .
  • Toarar - Gjev same poengtal som talet på augo på toarane.
  • Trearar - Gjev same poengtal som talet på augo på trearane.
  • Firarar - Gjev same poengtal som talet på augo på firarane.
  • Femmarar - Gjev same poengtal som talet på augo på femmarane.
  • Seksarar - Gjev same poengtal som talet på augo på seksarane.
  • Ett par - To like terningar, gjev same poengtal som augo på terningane som inngår i (det mest verdfulle) paret.
  • To par - Kombinasjon av to like terningar og to like terningar av ein annan verdi, gjev same poengtal som augo på de fire terningane som inngår i para.
  • Tre like - Tre like terningar, gjev same poengtal som augo på dei tre like terningane.
  • Fire like - Fire like terningar, gjev same poengtal som augo på dei fire like terningane.
  • Liten straight - Kombinasjonen 1-2-3-4-5, gjev 15 poeng.
  • Stor straight - Kombinasjonen 2-3-4-5-6, gjev 20 poeng.
  • Hus - Kombinasjon av tre like terningar og to like terningar av ein annan verdi. Gjev same poengtal som augo.
  • Sjanse - Vilkårleg kombinasjon, gjev same poengtal som augo.
  • Yatzy - Fem like terningar, gjev 50 poeng.

I tillegg får spelaren ein bonus på 50 poeng dersom han på kombinasjonane einarar, toarar, trearar, firarar, femmarar og seksarar oppnår minst 63 poeng - som er den summen ein oppnår dersom ein har kombinasjonar med tre av kvar av desse seks. Om ein spelar varianten med tvungen rekkjefølgje, er bonusgrensa 42 poeng, som om ein har kasta to av kvar.

Dersom spelaren ikkje kan eller vil føre verdien på nokon konstellasjon, må han stryke (eller nulle ut) verdien i eitt av felta.

Maksimal poengsum er 105 over streken, 219 under streken og 50 i bonus, i alt 374.

Yatzyprotokoll[endre | endre wikiteksten]

Deltakarar
Einarar
Toarar
Trearar
Firarar
Femmarar
Seksarar
Sum
Bonus
Eitt par
To par
Tre like
Fire like
Liten stright
Stor stright
Hus
Sjanse
Yatzy
Totalt

Variantar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til den ordinære tvungne varianten, finst det mange ulike variantar. Varianten

Maxi-Yatzy vert spela med seks terningar, og kvar spelar har inntil fire kast i kvar runde. , Ekstra eller endra kombinasjonar i Maxi-Yatzy:

  • Tre par - Kombinasjon av to like terningar, to like terningar av ein annan verdi og to like terningar av ein tredje verdi - Gjev same poengtal som augo på terningane.
  • Fem like - Kombinasjon av fem like terningar - Gjev same poengtal som augo på dei fem terningane.
  • Full straight - Kombinasjonen 1-2-3-4-5-6, gjev 21 poeng.
  • Hytte - Som hus i vanleg Yatzy
  • Hus - Tre like terningar og tre like terningar av annan verdi - Gjev same poengtal som augo på terningane.
  • Tårn - To like terningar og fire like terningar av annan verdi - Gjev same poengtal som augo på terningane.
  • Yatzy - Seks like.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]