Yazata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Religion
Denne artikkelen er del av serien om
Parsismen
Yazd fire temple.jpg
Teologi
Ahura Mazda
Angra Mainyu
Spenta Mainyu
Yazataene
Atar - Verethraghna - Rashnu
Sraosha - Mithra - Anahita
Amesja Spentaene
Asja Vahisjta - Vohu Manah
Khsjathra Vairya - Spenta Armaiti
Haurvatát - Ameretát

I parsismen er ein yazata ein engel, eller meir presist eit guddomeleg vesen. Ahura Mazda skapa yazataene for å hjelpa han med kampen imot Ahriman og demonane hans. Yazatane hjelper menneske å skira og lyfta seg. Med hjelp av yazataene kan ein vinna over demonane og det vonde i seg sjølv. Yazataene leier oss alltid til det rette valet, og forsterkar oss for å kampa imot Ahriman, for Ahura Mazda og den gode.

Mange parsarar trur også at ein som gjev offer til yazataene kan få godviljen deira, som gjev velstand og trivnad.

Dei viktigaste yazataene namna i gathaene er Atar, Mithra, Rashnu, Sraosha, og Verethraghna. Ein trur at dei var gudar før parsismen si tid, og mange av dei blei seinare persongjort til halvgudar igjen. I seinare tid blei også nokre av dei meste populære persiske guddommar, som Anahita, tilpassa til parsismen som yazataer.