Yell Sound

Koordinatar: 60°34′10″N 1°15′36″W / 60.5694°N 1.26°W / 60.5694; -1.26
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°34′10″N 1°15′36″W / 60.5694°N 1.26°W / 60.5694; -1.26

Yell Sound
Samphrey og utsyn nordover mot Bigga og Yell
Land  Skottland
Kart
Yell Sound
60°34′10″N 1°15′36″W / 60.5694°N 1.26°W / 60.5694; -1.26
Wikimedia Commons: Yell Sound

Yell Sound er eit sund mellom øyane Yell og Shetland MainlandShetland. Det dannar grensa mellom Mainland og North Isles og det ligg mange småøyar der. Sullom Voe er ein arm av Yell Sound med ein stor oljeterminal.

Det går ferjer til North Isles over sundet. Her er kraftige tidvasstraumar og ofte dårleg vêr. Mange skip har forlist i sundet og det er derfor bygt mange fyr for å hjelpe skipa trygt gjennom. Yell Sound er så vidt nemnd i Orkneyinga saga frå mellomalderen og på 1800-talet var det ein kort velståande periode med tang og tare-industri. Kommersielt fiske har lenge vore ei av hovudnæringane i området og delar av sundet har status som Special Area of Conservation (særskild bevaringsområde) for å verne om det lokale dyrelivet.

Det norrøne namnet på sundet var Alasund, men ein kjenner ikkje til den opphavlege tydinga av namnet.[1]

Av øyar i sundet finn ein mellom anna Gruney, Muckle Holm, Little Holm, Bigga, Brother Isle, Lamba, Orfasay, Little Roe, Samphrey, Uynarey, Fish Holm, Linga, Setter Holm, Sinna Skerry og Wether Holm.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anderson, Joseph (red.) (1893) Orkneyinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin and Mercat Press (1990 nytrykk). ISBN 0-901824-25-9
  2. Ordnance Survey 1:25,000 kart Arkivert 2011-05-24 ved Wayback Machine. Get-a-map. ordnancesurvey.co.uk