Yellow Submarine
| «Yellow Submarine» Singel av The Beatles frå albumet Revolver |
||
| A-side | «Eleanor Rigby» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 5. august 1966 | |
| Innspelt | Abbey Road 26. mai og 1. juni 1966 |
|
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 2:38 | |
| Selskap | Parlophone (UK) Capitol (USA) |
|
| Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
| Produsent | George Martin | |
| The Beatles-kronologi | ||
| «Paperback Writer» (1965) |
«Yellow Submarine» | «Strawberry Fields Forever» / «Penny Lane» (1966) |
«Yellow Submarine» er ein song frå 1966 av The Beatles, tilskriven Lennon/McCartney, men skriven av Paul McCartney. Songen vart gjeve ut på albumet Revolver og vart tittelsongen til filmen med same namn i 1968. Yellow Submarine er òg namnet på filmmusikken frå filmen, som er ein del av musikkatalogen til The Beatles.
Songen vart betre motteken i Storbritannia og Europa enn i USA. Singelen gjekk til tops både i heimlandet og i Noreg (11 veker, sju veker på førsteplassen av VG-lista) og vann ein Ivor Novello Award for høgaste salstal for singlar i Storbritannia for 1966.
Innhaldsliste |
Inspirasjon og innspeling [endre]
McCartney fann inspirasjon heime hos kjærasten Jane Asher sine foreldre[1] då han ønskte å lage ein barnesong som Ringo Starr kunne synge.
Songen vart produsert av George Martin og gjort ferdig på fem forsøk den 26. mai 1966 i Abbey Road Studios. 1. juni vart det lagt på spesialeffektar.[2] På den andre dagen vart studioet reinska for alt som kunne nyttast til spesialeffektar, som kjeder, ei skipsklokke, fløyter og eit kasseapparat, som seinare vart nytta av Pink Floyd på deira «Money»[3]
Medverkande [endre]
- John Lennon – akustisk gitar, støttevokal, lydeffektar
- Paul McCartney – bassgitar, støttevokal, lydeffektar
- George Harrison – tamburin, lydeffektar, støttevokal
- Ringo Starr – solovokal, trommer, lydeffektar
Fleire folk skal ha medverka på innspelinga, mellom anna Marianne Faithfull, Donovan og Brian Jones.[3]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Yellow Submarine (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mark Lewisohn (1990) EMI's The Complete Beatles Recording Sessions: The Official Story of the Abbey Road Years – Hamlyn. ISBN 0-681-03189-1.
- Martin, George (1994) All You Need Is Ears – St. Martin's Griffin (New York). ISBN 978-0312114824.
- Barry Miles (1997) Many Years From Now – Vintage-Random House. ISBN 0-7493-8658-4.
- Spitz, Bob (2005) The Beatles, The Biography – Little, Brown and Company (New York). ISBN 1-84513-160-6.
- The Beatles (2003) The Beatles Anthology (DVD) – Apple records. ASIN: B00008GKEG.
- ↑ Miles, Many Years From Now (1998) s. 106
- ↑ Robert Fontenot (20. august 1999). Yellow Submarine: The history of this classic Beatles song. Vitja 15. desember 2008.
- ↑ 3,0 3,1 Spitz, The Beatles (2005) s. 612
Bakgrunnsstoff [endre]
| Føregjengar «Sunny Afternoon» The Kinks |
Toppen av VG-lista The Beatles 7 veker, veke 34–40 1966 |
Etterfylgjar «Little Man» Sonny & Cher |