Yes av Yes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yes
Studioalbum av Yes
Utgjeve 25. juli 1969
Innspelt Spring 1969 at Advision and Trident Studios i London i England
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk rock
Lengd 41:17
Selskap Atlantic, WEA
Produsent Paul Clay
Kritikk

Allmusic 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Yes-kronologi
Yes Time and a Word
(1970)

YES er debutalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeven i 1969. Albumet er rekna som eit av dei første albuma innan progressiv-sjangeren. Sjølv om albumet vart godt motteke av musikk-kritikarar, til dømes gav Lester Bangs ein positiv melding i musikkmagasinet Rolling Stone, var det salsmessig skuffande. Dette kan skuldast lita røynsle frå både bandet sitt og produsenten si side, dessutan hadde Led Zeppelin gjeve ut debutalbumet sitt kort tid i forvegen.

På albumet medverkar originalbesetninga til Yes, vokalist Jon Anderson, bassist Chris Squire, gitarist Peter Banks, keyboardist Tony Kaye og trommeslagar Bill Bruford. Musikken kan reknast som jazz-inspirert popmusikk, men er heilt klårt ein forløpar til progressiv rock.

To av låtane er coverversjonar, «I See You» som først vart innspelt av The Byrds, og The Beatles-låten «Every Little Thing». Dessutan er to av låtane, «Beyond and Before» og «Sweetness» skrive saman med Clive Bailey, eit tidlegare band-kollega frå bandet Mabel Greer's Toyshop.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Beyond & Before»   Chris Squire/Clive Bailey 4:58
2. «I See You»   Jim McGuinn/David Crosby 6:54
3. «Yesterday and Today»   Jon Anderson 2:53
4. «Looking Around»   Anderson/Squire 4:05
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
5. «Harold Land»   Anderson/Bill Bruford/Squire 5:45
6. «Every Little Thing»   Lennon-McCartney 5:46
7. «Sweetness»   Anderson/Clive Bailey/Squire 4:35
8. «Survival»   Anderson 6:23
Bonusspor på 2003-utgåva
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
9. «Everydays» (singelversjon) Stephen Stills 6:23
10. «Dear Father» (Early Version 2) Anderson/Squire 5:51
11. «Something's Coming»   Leonard Bernstein/Stephen Sondheim 7:09
12. «Everydays» (Early version) Stephen Stills 5:18
13. «Dear Father» (Early Version 1) Anderson/Squire 5:31
14. «Something's Coming» (Early Version) Bernstein/Sondheim 8:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ny-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1989 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2003 – CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce (2011 [last update]). «Yes - Yes | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r22450. Henta 17. juli 2012. 
  2. Bangs, Lester (2011 [last update]). «Yes: Yes : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. http://web.archive.org/web/20090220150320/http://www.rollingstone.com/artists/yes/albums/album/113178/review/6067812/yes. Henta 17. juli 2012.