Ygyatta
Ygyatta | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 11 200 km² | ||
Lengd | 601 km | ||
Middelvassføring | 30 m³/s | ||
Munning | Viljuj | ||
Ygyatta 64°24′30″N 112°52′38″E / 64.4083°N 112.8772°E | |||
Wikimedia Commons: Ygyatta River | |||
Ygyatta (russisk Ыгыатта) er ei elv i Sakha i Russland og ei av sideelvane til Viljuj frå venstre. Elva er 601 km lang og har eit nedslagsfelt på 11 200 km². Elva har ei middelvassføring på 30 m³/s. Elva er om lag 10 meter djup ved munningen.
Ygyatta spring ut frå Viljujplatået vest i Sakha og får hovudsakleg vasstilførsel frå snø og regn.
Ved breiddene finst edelsteinar som smaragd, rubin, sarder, beryll og andre. Det vert drive gullgraving ved elva.
Området rundt Ygyatta er av dei mest folketomme stadane i Russland.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ygyatta River» frå Wikipedia på engelsk, den 3. november 2008.