Yigael Yadin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yigael Yadin

Fødd20. mars 1917
Jerusalem i Det ottomanske riket
Død28. juni 1984 (67 år)
Jerusalem
StatsborgarskapIsraelsk
NasjonalitetFlagget til Israel Israelsk
Områdearkeologi
YrkeArkeolog, politikar
InstitusjonarDet hebraiske universitetet i Jerusalem
Alma materDet hebraiske universitetet i Jerusalem
Rehavia-gymnaset
EktefelleCarmela Yadin
MedlemIsrael Academy of Sciences and Humanities

Yigael Yadin (20. mars 191728. juni 1984) var ein israelsk arkeolog, politikar og stabssjef for det israelske forsvaret.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv og militærkarriere[endre | endre wikiteksten]

Den israelske delegasjonen til våpenkvileavtalen av 1949.
Yigael Yadin og Eduard G. Robinson i 1950.

Foreldra til Yadin var den kjende arkeologen Eleazar Sukenik og akademikaren og feministen Hasya Feinsod Sukenik. I ein alder av 15 år blei Yadin medlem av undergrunnsmilitsen Haganah, og tenestegjorde på ei rekkje forskjellige måtar. I 1946 forlét han Haganah i protest mot at kommandøren Yitzhak Sadeh meinte at maskingevær skulle vera standardutstyr.

Yigael Yadin vart no universitetsstudent. I 1947, like før Israel blei erklært sjølvstendig, blei han tilbakekalla til teneste av David Ben-Gurion. Han var leiar for ei rekkje av operasjonane under den israelske sjølvstendekrigen, og hadde ansvar for mange avgjersler i løpet av krigen. I juni 1948 truga han med å trekkja seg i løpet av opprøret blant militærleiarane i Israel på denne tida, av di han blei klaga av Ben-Gurion for å forsøkje «å transformera heile hæren til ein hær for eitt parti» (Mapai).

Yadin blei vald til stabssjef for det israelske forsvaret den 9. november 1949, som følgje av at Yaakov Dori hadde gått av. Yadin tenestegjorde der i 3 år. Han gjekk av den 7. desember 1952 på grunn av ei usemje med visepresidenten og forsvarsministeren David Ben-Gurion om kutt i militærbudsjettet der Yadin meinte at det burde vera ein tredjedel av statsbudsjettet. Då han var 35 år gammal, var han ferdig med militærkarrieren sin for godt.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Etter at Yadin forlét militæret, vigde han resten av livet sitt til arkeologien. I 1956 fekk han Israelprisen innan jødiske studiar for si doktorgradsavhandling om omsettinga av Dødehavsrullane. Som arkeolog var han med på nokre av dei viktigaste utgravingane i regionen, blant anna i Qumran-holene, Masada, Hazor og Tel Megiddo. Han meinte sjølv høgdepunktet i hans karriere var Salomonsportane ved Tel Gezer. Han blei stundom tvungen til å handtera tjuveri av viktige gjenstandar; nokre gonger var det politiske og militære frontfigurar som hadde stole. Ved eitt tilfelle, der tjuveria truleg hadde blitt gjort av den namngjetne einøygde generalen Moshe Dayan, sa Yadin: «Eg veit kven som har gjort dette. Eg skal ikkje seia kven det er, men viss eg finn han, skal eg dra ut det andre auget hans også.»

Til og med som arkeolog forlét Yadin aldri det offentlege livet. På slutten av Seksdagarskrigen tenestegjorde han som militær rådgjevar til statsministeren Lev Eshkol, og i den følgjande Yom Kippur-krigen var han medlem av Agranat-kommisjonen der han etterforska handlingane som førte til krigen.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Begin og Yadin

I 1976 danna Yadin Den demokratiske bølgja for forandring, også kjend under det hebraiske akronymet Dash, saman med professor Amnon Rubinstein, Shmuel Tamir, Meir Amit, Meir Zorea, og mange fleire framståande politiske figurar. Det nye partiet såg ut til å bli ei idealistisk løysing for mange israelarar som vart leie av påstått korrupsjon frå det dominante partiet i Israel på den tida. Påstandane inkluderte blant anna Yadnlin-saka, sjølvmordet til bustadministeren Achraham Ofer og Leah Rabins ulovlege bankkonto i Amerika. Vidare var Dash eit svar på den aukande kjensla av frustrasjon og fortviling i kjølvatnet av 1973-krigen og den sosiale og politiske utviklinga som følgde etter. Mange såg på krigaren og forskaren Yadin som eit perfekt døme på Israels ideal, ein god leiar utan korrupsjon.

I valet i 1977, som forvandla Israels politiske landskap, gjorde det nye partiet Dash eit iaugefallande godt val. Dei vann 15 av 120 plassar i Knesset. Som følgje av valet var Likuds leiar, Menachem Begin i utgangspunktet i stand til å danna ein koalisjon utan Dash (eller parti lengre til venstre), noko som betydeleg ville dempa Dash si makt. Dash blei med i koalisjonen nokre månader seinare. Som ny visestatsminister, spela Yadin ei sentral rolle i politiske hendingar, spesielt med kontaktane i Egypt, som til slutt førte til Camp David-avtalen og fredsavtalen mellom Israel og nabolanda. Likevel blei Dash ein fiasko, og partiet delte seg opp i fleire fraksjonar. Yadin blei med i Den demokratiske rørsla, men også denne blei splitta, og Yadin blei sitjande som ein sjølvstendig parlamentsmedlem resten av presidentperioden. Under eit regjeringsmøte i mai 1981 klaga visestatsministeren på stabssjefen Rafael Eitan for å «lyga til regjeringa», og fortalte til statsministeren at «Du har mista kontrollen over forsvaret». Yadin trekt seg tilbake frå politikken i 1981.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Yadin var gift med Carmela (jentenamn: Ruppin) som jobba med han under heile karrieren ved å redigera bøkene hans og omsetja dei. Dei fekk to døtrer saman: Orly og Littal. Yadin døydde i 1984 og blei gravlagt i militærgravlunda i Herzlfjellet i Jerusalem. Den israelske skodespelaren Yossi Yadin var bror hans.

I 2005 blei Yadin utnemnd til ein av dei 165 største israelarane opp gjennom tidene. I ei undersøking gjort av den israelske nyheitsnettstaden Ynet, blei han stemd på av ålmenta i Israel som ein av dei 200 største israelarane.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Dette er eit utval av verka til Yigael Yadin, med engelske titlar. Yigael Yadin publiserte også mange forskningsartiklar og gamle tekstforklaringar for Det hebraiske universitetet i Jerusalem.

  • Views of the Biblical World. Jerusalem: International Publishing Company J-m Ltd, 1959
  • The Art of Warfare in Biblical Lands. McGraw-Hill, 1963
  • Masada: Herod's Fortress and the Zealot's Last Stand. New York: Random House, 1966.
  • Hazor (Schweich-forelesningane frå 1970)
  • The Bar Kochba Caves. (Hebraisk). Maariv, 1971
  • The Temple Scroll publisert posthumt, London, Weidenfeld & Nicholson, 1985

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Neil A. Silberman. «A Prophet from Amongst You: The Life of Yigael Yadin, Solider, Scholar, and Mythmaker of Modern Israel». Addison Wesley (1994)