Yingkou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yingkou prefektur (gult) i provinsen Liaoning i Kina (mørkegrått).

Yingkou[1] er eit kinesisk byprefektur i provinsen Liaoning i Kina. Innbyggjartalet innanfor grensene er rekna til 2,3 millionar (2004).

Modell av utviklingsplanane for hamna i Yingkou.

Yingkou ligg ved munningen av elva Liao He og er hamneby til Bohai, ein del av Gulehavet. Han var ein av traktatshamnene som vart opna etter Tianjintraktaten frå 1858, under Den andre opiumskrigen. Byen, som då var kjend som Newchwang,[2] låg nær 50 km frå kysten, langs elva Liao. Etter at traktaten var underteikna oppdaga britane at elva ikkje var djup nok for skipa deira. Då vart traktatshamna flytta nedover nærare elveutløpet og det er der Yingkou ligg i dag.

I 2005 bestemte partikomiteen for Liaoning at heile strandlinja i provinsen skulle utviklast kommersielt. Byen og hamna har derfor gått gjennom store utvidingar.

Administrative einingar[endre | endre wikiteksten]

Byprefekturet Yingkou har jurisdiksjon over fire distrikt (区 ) og to byfylke (市 shì).

Kart
Yingkou mcp.png
# Namn Hanzi Pinyin Innbyggjartal (2003 est.) Areal (km²) Tettleik (/km²)
Distrikter
1 Zhanqian 站前区 Zhànqián Qū 260 000 70 3 714
2 Xishi 西市区 Xīshì Qū 160 000 20 8 000
3 Bayuquan 鲅鱼圈区 Bàyúquān Qū 300 000 268 1 119
4 Laobian 老边区 Lǎobiān Qū 130 000 306 426
Byfylker
5 Dashiqiao 大石桥市 Dàshíqiáo Shì 720 000 1 379 522
6 Gaizhou 盖州市 Gàizhōu Shì 730 000 2 928 249

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kin. 营口; trad. 營口; pinyin Yíngkǒu; Wade-Giles Yíng-k'ǒu
  2. Kin. 牛莊; pinyin Niúzhuāng, mandsjuisk Ishangga gavšan hoton