Yixing-leire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framstilling av ei tradisjonell tekanne med yixing-leire.

Yixing-leire eller zisha-leire er ein type leire frå området nær byen Yixing i Jiangsu-provinsen i Kina.

Bruken av leira går attende til Song-dynastiet (960-1279) då lilla leire først vart tatt ut rundt innsjøen Taihu i Kina.[1] Frå 1600-talet vart leirvarene eksportert til Europa.

Det ferdige steintøyet som er nytta i samband med laging og driking av te og andre småting er vanlegvis raudt eller brunt i fargen. Det er kjend som lilla sand-steintøy og er som oftast utan glasur. Leira som er nytta i yixing-steintøy er veldig kohesiv og kan bli forma ved hjelp av begitting, spiralforming eller mest vanleg plateforming. Dei mest kjende produkta laga av yixing-leire er yixingtekanner (宜興紫砂壺; yíxīng zǐshā hú, 'yixing lilla sand-kanne').

Leiretypar[endre | endre wikiteksten]

Raud tekanne av yixing-leire.
Mørk, firkanta yixing-tekanne.

Omgrepa «yixing-leire» og «zisha-leire» er ofte nytta som paraplyuttrykk om tre ulike typar steintøy:

  • Zisha eller zini (kin. 紫砂 eller 紫泥 ; direkte omsett 'lilla leiresand'): er mest vanleg og har fargar frå rosa til brun; mørkebrunt steintøy som gjev namn til type steintøy som vanlegvis er knytt til yixing.
  • Banshanlu: meir sjeldan med fargar frå gulkvit til lysebrun
  • Zhuni (朱泥; direkte omsett 'sinober-leire'): har rike raude fargar; raudaktigt brunt steintøy som er laga av leire med eit høgt jerninnhald. Namnet viser berre til den noko sterke raudtonen på sinober (朱砂; pinyin zhūshā). Det er no 10 gruver som framleis lager zhuni[treng kjelde]. På grunn av auka etterspurdnad av yixing-steintøy, er zhuni no tilgjengeleg i avgrensa mengder. Zhuni-leire må ikkje forvekslast med hongni-leire (红泥, direkte omsett 'raud leire'), ei anna raud leire.
  • Duanni (鍛泥; direkte omsett 'forsterka leire'): steintøy som vart tilsett ulike steinar og mineral i tillegg til til zini- eller zhuni-leire. Dette gir ulike teksturar og fargar som spenner frå beige, blå og grøn (绿泥), til svart.

Ved å blande desse leirene kan ein få grøn- og blåfargar.

Mineralsamansetting[endre | endre wikiteksten]

Kjemisk er zisha ei blanding av kaolin, kvarts og glimmer med eit høgt innhald av jernoksid. Ho er i hovudsak tatt ut i Huanglongshan og Zhaozhuangshan og har ei litt sandaktig tekstur. Prosessen med å lage til leire er lang og var tradisjonalt ein løyndom. Typisk vart leira brent i ein oksyderande atmosfære ved temperaturar mellom 1100°C-1200°C som er høgare enn med vanleg leire.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. YiXing Teapots info, arkivert frå originalen 30. september 2013, henta 1. november 2010 
  2. K.S. Lo, et al., The Stonewares of Yixing: from the Ming period to the Present Day, (London, 1986).