Yixing-tekanne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yixing-leiretekanne)
Gå til: navigering, søk
Ulike yixing-tekanner.
Man Sheng-kanne frå Qing-dynastiet. Kanna er laga av Yang Pengnian med tekst av Chen Mansheng.
Tekanne frå Qing-dynastiet, rundt 1900.

Yixing-tekanner er tradisjonelle kinesiske tekanner laga av yixing-leire. Stilen går attende til 1400-talet og er laga av leire produsert i området rundt byen Yixing i den austlege delen av den kinesiske provinsen Jiangsu.

Innhaldsliste

Opphav [endre]

Arkeologiske utgravingar har synt at så tidleg som under Song-dynastiet (10. hundreåret) nytta keramikarar nær Yixing den lokale zhisha-leira til å lage gjenstandar som kan ha vore nytta som tekanner. Den avdøde Ming-dynastiet forfattaren Zhou Gaoqi har skreve at i regjeringstida til Keisar Zhengde (1502–1521) nytta ein munk i Yixing den lokale leira til å kvalitetstekanner. Snart vart slike kvalitetstekanner populære hos den opplyste klassa og ryktet om Yixing-tekannene tok til å spreie seg.

1900-talet [endre]

Yixing-tekannene er i dag ikkje laga så mykje i regionbyen Yixing, men i den nærliggande Dingshan (òg kjent som Dingshu) som ligg i det administrative området Yixing. Her ligg hundrevis av tekannebutikkar i utkanten av dei travle bygatene, og dei er eit populært turistmål for mange kinesarar.

Dingshan har dusinvis av keramikkfabrikkar. Yíxīng Zǐshā Factory Number 1 som opna i 1958, prosesserer ein stor del av leira som blir brukt i regionen. Fabrikken produserer fint steingogds og har eit stort salsutstillingsrom.

Pris [endre]

Prisen kan variere frå nokre hundre kroner til titusenvis av kroner for ei tekanne med nokre som er vurdert til å vere kinesiske nasjonalskatter som uvurderlege. Generelt avheng prisen av alder, leiretype, kunstnar, stil og produksjonsmåte. Dei dyre tekannene er forma for hand ved hjelp av tre- og bambusverktøy til å fylle leira i forma. Billege yixing-tekanner er laga ved begitting.

Bruk [endre]

Val av storleik og material i kannene avheng av kva slag te ein skal drikke. Sidan kanna er utan glasur tar den opp smak og farge frå teen ein lager. Derfor bør ein ikkje lage oolong- og pu'er-te i ei og same kanne. Mange nyttar ulike kanner for mørke og grøne oolong-tear, eller til og med ei kanne til kvar oolongsort, ettersom smaken kan vere veldig ulik.

Dei yixingkannene som nyttast til Oolongte, til eksempel kung fu-te, er i regelen ganske små (frå 80 ml til 200 ml). Til Pu'er-tear nyttar ein ofta litt større kanner, mellom 200 ml til over 1 l. Prydkanner i yixingleire kan romme meir enn 10 liter, men blir aldri nytta til i brygge te i.

Reingjering [endre]

Ein bør aldri reingjere kanna med oppvaskmiddel eller såpe. Sidan kanna ikkje er glasert, kan det sette seg smak i leirgodset. Etter bruk bør ein tømme kanna for teblad og skylle med kokt vatn og la henne tørke opp-ned utan lokk. Om ein lèt blada ligge att kan blada ta til å mygle. Om dette set seg i godset kan kanna få ein bismak av mugg.

Om ei kanne har fått ein dåleg smak kan ein legge henne i ein kasserolle med kokande vatn og teblad frå den tesorten ein vil at kanna skal ta smak av. Dette kan ein og gjere før ein nyttar kanna første gong, men den gode effekten av dette er det stilt spørsmål ved.

Litteratur [endre]

  • K.S. Lo, et al., The Stonewares of Yixing: from the Ming period to the Present Day, (London, 1986).
  • Wain, Peter, "A Taste of Transition: The Teapots of Yixing", Ceramic Review, 153, May/June 1995, pp. 42–45p
  • Pan Chunfang, Yixing Pottery: the World of Chinese Tea Culture, (San Francisco: Long River Press, 2004).

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]