Yixing-tekanne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike yixing-tekanner.
Man Sheng-kanne frå Qing-dynastiet. Kanna er laga av Yang Pengnian med tekst av Chen Mansheng.
Tekanne frå Qing-dynastiet, rundt 1900.

Yixing-tekanner er tradisjonelle kinesiske tekanner laga av yixing-leire. Stilen går attende til 1400-talet og kannene er laga av leire frå området rundt byen Yixing i den austlege delen av den kinesiske provinsen Jiangsu.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske utgravingar har synt at så tidleg som under Song-dynastiet (900-talet) nytta keramikarar nær Yixing den lokale zhisha-leira til å lage gjenstandar som kan ha vore nytta som tekanner. Forfattaren Zhou Gaoqi som levde under Ming-dynastiet har skrive at i regjeringstida til keisar Zhengde (1502–1521) nytta ein munk i Yixing den lokale leira til å laga framifrå tekanner. Snart vart slike kvalitetstekanner populære hos den opplyste klassa og ryktet om Yixing-tekannene tok til å spreie seg.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Yixing-tekannene er i dag ikkje laga så mykje i regionbyen Yixing, men i den nærliggande Dingshan (òg kjent som Dingshu) som ligg i det administrative området Yixing. Her ligg hundrevis av tekannebutikkar i utkanten av dei travle bygatene, og dei er eit populært turistmål for mange kinesarar.

Dingshan har dusinvis av keramikkfabrikkar. Yíxīng Zǐshā Factory Number, 1 som opna i 1958, handsamar ein stor del av leira som blir brukt i regionen. Fabrikken produserer fint steingods og har eit stort salsutstillingsrom.

Pris[endre | endre wikiteksten]

Prisen kan variere frå nokre hundre kroner til titusenvis av kroner. Generelt avheng prisen av alder, leiretype, kunstnar, stil og produksjonsmåte. Dei dyre tekannene er forma for hand ved hjelp av tre- og bambusverktøy. Billege yixing-tekanner er laga ved begitting.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Val av storleik og material i kannene avheng av kva slag te ein skal drikke. Sidan kanna er uglasert tar den opp smak og farge frå teen som vert laga i henne. Derfor bør ein ikkje lage oolong- og pu'er-te i same kanna. Mange nyttar ulike kanner for mørke og grøne oolong-tear, eller til og med ei kanne til kvar oolongsort, ettersom smaken kan vere veldig ulik.

Dei yixingkannene som blir nytta til oolongte er i regelen ganske små (frå 80 ml til 200 ml). Til pu'er-tear nyttar ein ofte litt større kanner, mellom 200 ml til over 1 l. Prydkanner i yixingleire kan romme meir enn 10 liter, men blir aldri nytta til i brygge te i.

Reingjering[endre | endre wikiteksten]

Ein bør aldri reingjere kanna med oppvaskmiddel eller såpe. Sidan kanna ikkje er glasert kan det sette seg smak i leirgodset. Etter bruk bør ein tømme kanna for teblad og skylje med kokt vatn og la henne tørke opp-ned utan lokk. Om ein lèt blada ligge att kan dei ta til å mygle. Om dette set seg i godset kan kanna få ein usmak av mugg.

Om ei kanne har fått ein dåleg smak kan ein legge henne i ein kasserolle med kokande vatn og teblad frå den tesorten ein vil at kanna skal ta smak av. Dette kan ein og gjere før ein nyttar kanna første gong, men den gode effekten av dette er det stilt spørsmål ved.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • K.S. Lo, et al., The Stonewares of Yixing: from the Ming period to the Present Day, (London, 1986).
  • Wain, Peter, "A Taste of Transition: The Teapots of Yixing", Ceramic Review, 153, May/June 1995, pp. 42–45p
  • Pan Chunfang, Yixing Pottery: the World of Chinese Tea Culture, (San Francisco: Long River Press, 2004).
Commons har multimedium som gjeld: Yixing-tekanne

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]