Yiyang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yiyang (gul) i Hunan

Yiyang (kinesisk skrift 益阳, pinyin Yìyáng) er eit byprefektur i den nordlege, sentrale delen av provinsen Hunan i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 12 144 km² og 4 313 084 innbyggjarar i 2010.

Byprefekturet Yiyang omfattar to distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Det kuperte Yiyang har mykje oppdyrka jordbruksland. Hovudavlingane i prefekturet er ris og te, også bambus vert dyrka.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 319 fører gjennom fylket. Riksvegen begynner i Xiamen i Fujian, går nordvestover gjennom provinsane Jiangxi, Hunan og Chongqing, til han endar opp i Chengdu, hovudstaden i provinsen Sichuan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Yiyang vart grunnlagt under Qin-dynastiet.

Det norske misjonsselskap etablerte seg i Hunan-provinsen i 1902. Fleire av misjonsstasjonane låg i prefekturet Yiyang. I sjølve byen Yiyang vart fleire verksemder sett i gang, mellom anna eit sjukehus som i dag er det største i prefekturet.

Andreas Aarflot vart fødd i Yiyang i 1928.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]