Ymefeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yme-feltet)

Ymefeltet er eit oljefelt som ligg søraust i Nordsjøen, 110 km sørvest for Egersund og 160 km nordaust for Ekofisk. Feltet er oppkalla etter Yme i norrøn mytologi. Havdjupna er om lag 80-90 meter. Ymefeltet inneheldt opphavleg kring 20 mill. Sm3 olje, medan 10 Sm3 er rekna å vera att pr. 2021.[1] Ein første produksjonsfase føregjekk frå 1996 til 2001. Andre produksjonsfase frå Yme starta opp i oktober 2021 og er planlagt å halde fram i 20 år.[2]

Første produksjonsfase[endre | endre wikiteksten]

Yme vart påvist i 1987 og feltet vart godkjent for utbygging den 6. januar 1995. Det var utvinning frå feltet i tida frå 27. februar 1996 til 17. april 2001. Operatør for feltet var då Statoil, som hadde 65 prosents eigarandel. Andre eigarar var Saga Petroleum med 25 prosent og RWE-DEA Norge AS med 10 prosent. Produksjonen på feltet vart avslutta på grunn av produksjonsproblem og låge oljeprisar. Det vart i perioden produsert kring 8 millionar Sm3 (50 millionar fat) olje, og det var framleis mykje olje att.

Mislukka utbygging[endre | endre wikiteksten]

Yme vart det første tidlegare nedstengte feltet på norsk sokkel som vart gjenopna. Operatøren Talisman Energy Norge AS og dei andre eigarane i lisensen fekk godkjent plan for utbygging og drift i 2007.[1]

Feltet blei bygd ut med ein oppjekkbar produksjonseining, ein lagertank på havbotnen og med ein undervassinstallasjon på funnet Yme Beta, 12 km unna. Produksjonsplattforma blei levert ca. tre år etter planen og kostnadene for utbygginga blei meir enn dobla til rundt 12,6 milliardar kroner. Kort tid etter at plattforma vart utplassert på feltet synte det seg at ho måtte evakuerast på grunn av ustabilitet. For første gang på norsk sokkel måtte ei produksjonsplatform fjernast og destruerast før første olje kom på dekk.[3][4]

Andre produksjonsfase[endre | endre wikiteksten]

I 2015 kjøpte det spanske oljeselskapet Repsol det kanadiske Talisman Energy, og fekk med seg verdiar og rettar til Ymefeltet.[5] I mars 2018 fekk Repsol med partnarskap godkjent ein endra plan for utbygging og drift og feltet blei gjort klar for produksjon frå oktober 2021.[2] Oljeproduksjonen gjennom dei første 12 månadene var totalt ca. 0,4 millionar Sm3.[6] Produsert gass vert dels reinjisert og dels nytta til brensel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 «YME». Oljedirektoratet. Henta 27. november 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Yme starter opp igjen». Oljedirektoratet. 11. august 2021. Henta 27. november 2022. 
  3. «Skal gi industriskandalen nytt liv: Her er historien om Yme-fadesen». Teknisk ukeblad. Arkivert frå originalen 19. april 2021. Henta 27. november 2022. 
  4. «Skandaleplattforma svaia så heftig at tunge skap flytta på seg». NRK. Arkivert frå originalen 22. oktober 2021. Henta 27. november 2022. 
  5. «Repsol kjøper Talisman». Stavanger aftenblad. Henta 27. november 2022. 
  6. «Faktasider Feltproduksjontabell, månedlig pr felt». Oljedirektoratet. Henta 27. november 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]