Ymittós

Koordinatar: 37°57′47″N 23°49′00″E / 37.963°N 23.81667°E / 37.963; 23.81667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ymittós
Υμηττός
fjell
Ymittós sett frå aust
Land  Hellas
Område Attikí
Høgd 1 026 moh.
Lettast tilkomst Veg
Koordinatar 37°57′47″N 23°49′00″E / 37.963°N 23.81667°E / 37.963; 23.81667
Kart
Ymittós
37°56′47″N 23°49′00″E / 37.9465°N 23.816666666667°E / 37.9465; 23.816666666667
Wikimedia Commons: Hymettus

Ymittós (gresk Υμηττός), òg kalla Hymettos, er ei fjellkjede i Atenområdet aust i det sentrale Hellas. Det vert òg kalla Trellós eller Trellovounó (Galefjellet), sannsynlegvis etter franske kolonistar på 1400- og 1500-talet, som kalla fjellet Tres Long. Det har ei høgd på 1 026 moh ved Évzonas og er 16 km langt mellom Aten og Saroniabukta og 6-7 km breitt frå aust til vest. I antikken vart det høgaste punktet kalla Megás Ymittós (Μέγας Υμηττός) og det sørlege Eláttona (Ελάττονα) eller Ánydros Ymittós (Άνυδρος Υμηττός) (i dag Mavrovoúni (Μαυροβούνι tyder «Svart fjell») og Kóntra (Κόντρα)). Det var kjend for sin timianhonning. Marmor har vorte vunne ut frå fjellet sidan antikken.

Rundt fjellet ligg Aten, Zográfou, Kesarianí, Výronas, Ilísia (eit område i Zográfou), Ymittós, Ilioúpoli, Arjyroúpoli, Ellinikó, Glyfáda, Voúla og Vouliagméni i vest, Várkiza, Vári, Markópoulo og Peanía i aust, og Papágou, Kholargós, Ajía Paraskeví, Jérakas og Glyká Nerá. Det meste av skogen på fjellet finn ein i nord og mykje av fjellet er steinete, avskoga og graskledd. Store delar består òg av kalkstein.

Store universitetsområde til Aten Universitet og Det nasjonale tekniske universitet (ofte kalla «Universitetsbyen») ligg på vestsida av fjellet. Urbane område omringar nesten heile fjellet. Det går ein veg til toppen av fjellet, men dette vert berre nytta av køyretøy med spesiell tillating for å vedlikehalde kommunikasjonstårna som står der.

Ein kan sjå nesten heile Aten, dei austlege forstadane og den nye flyplassen frå fjelltoppen, i tillegg til fjella Párnitha i nordvest, Pendéli i nord og Egáleo i vest.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]