Ynglingatal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den mytologiske døden til kongen. Vignett av Gerhard Munthe.

Ynglingatal er eit kvad som skriv seg frå slutten av 800-talet, dikta av den norske skalden til Harald Hårfagre, Tjodolv frå Kvine. Kvine viser til fjorden og området rundt Kvinesfjorden, i dag Fedafjorden i Kvinesdal i Vest-Agder.

Diktet listar opp dei delvis mytiske og delvis historiske svenske fornaldarkongane. 30 av kongane blir nemnt, korleis dei døydde og kvar dei ligg gravlagt. Tittelen Ynglingatal viser til Ynglingeætta som hadde namn frå Yngve-Frøy, eit anna namn på Frøy, guden som vart dyrka i Svealand. Første kongen i kvadet er Fjolne, som Snorre reknar som stamfar til Harald Hårfagre, og som er son av Frøy og Gerd ifølgje Snorre. Diktet er kvede på oppdrag for Ragnvald Heidumhære, ein fetter av Harald Hårfagre, og dikta blir avslutta med Ragnvald. Snorre Sturlason nytta diktet som kjelde for si Ynglingesoga, den første soga i Heimskringla. Her gjev Snorre att om lag kvar einaste strofe. Harald Hårfagre er ikkje nemnd i diktet.

Versemål[endre | endre wikiteksten]

Versemålet er kviðuháttr som byggjer fornyrdislag (fornyrðislag), som til dømes det angelsaksiske Beowulf er dikta i, men i kviðuháttr er strukturen strammare: han har åtte linjer (som málaháttr og fornyrdislag), og linjene på oddetal (1, 3, 5 og 7) har berre tre stavingar Nordic Prosody.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Ynglingatal er verna i tre versjonar der den best kjende utgåva er den som Snorre siterer frå i Ynglingesoga. Den andre versjonen finst i det norske historieverket Historia Norvegiæ der det er omsett til latin, men inneheld hovudsakleg den same informasjonen. Den tredje versjonen er den enklaste, og finst berre som ei namneliste i Íslendingabók frå tidleg på 1100-talet.

Skilnad frå Ynglingesoga[endre | endre wikiteksten]

Ynglingatal tek til med kong Fjolne som drukna i Frodes bryggjekar. Etter dette listar kvadet opp ynglingekongane heilt ned til Olav Geirstadalv og Ragnvald Heidumhære. Diktet nemner soleis ikkje Odin, Njord og Frøy slik Snorre gjer. Soga om Frøy og Gerd, tolka som eit gudebryllaup av Gro Steinsland, finst først attgjeven i Skirnesmål, som har vore kjelda for denne delen av Ynglingesoga. Det er truleg Snorre som og har lete Fjolne vera son av Frøy og Gerd. I Grimnesmål er namnet Fjolne eit av dekknamna til Odin, som soleis blir å rekne som ættefar for ynglingane, etter Tjodolv. Den eldste Noregshistoria byrjar kongerekka med guden Ing, ættefar til ynglingane. Etter Bjarni Aðalbjarnarson er denne stammeguden slått saman med Frøy til entiteten Yngve-Frøy.

Tilvisingane til Halvdan Svarte er og lagt til av Snorre, som hadde politiske grunnar til å knyte Ynglingeætta til Hårfagreætta. Dette har ikkje vore så viktig for Tjodolv.

Claus Crag påpeiker i tidsskriftet Collegium Medievale at Gro Steinsland ikkje tek alle moment i det heidne samfunnet med i rekneskapen sin, og imøtegår teorien om sakralkongedømet. Slik sett meiner han og at det ikkje er grunnlag for å flette Skirnesmål saman med Ynglingatal for å grunngje teorien. Skirnesmål er Steinslands hovudargument, men Crag påpeikar at Skirnesmål beintfram ikkje nemner noko om kongeættene. Tolkinga sprikar mykje, meiner Crag, av di Snorre er å rekne som ei sein kjelde (1200-talet), medan Skirnesmål som sjølvstendig kvad inneheld stoff som er mange hundre år eldre. Ynglingatal nemner som vi ser ikkje Frøy i det heile. Og at Frøy skulle vera stamfar til Ynglingeætta finn ein berre hjå Snorre. Steinsland tolking elles skriv seg frå detaljar i Skirnesmål. Om ein og tek med Historia Norvegiæ i rekneskapen, der stamfaren er Ing, ikkje Frøy, og teoriane til Bjarni Aðalbjarnarson, blir Steinslands tanke om Frøy som stamfar di meir svekka.

Debatt om dateringa[endre | endre wikiteksten]

Innhaldet i Ynglingatal har vorte flittig tolka og diskutert, ikkje minst på det nasjonalromantiske 1800-talet, spesielt i Sverige. Dateringa til slutten av 800-talet eller byrjinga av 900-talet har derimot ikkje vorte tvilt.

Den seine hypotesen

Den norske forskaren Claus Krag rekna på 1990-talet at opphavet til Ynglingatal burde daterast til 1100-talet og at han bygde på andre kongelister. I eit forskingsprosjekt som vart starta på slutten av 1980-talet var utgangspunktet til Krag å grunngje ein tvil om alderen til Ynglingatal, og den allmenne, ukritiske aksept av tradisjonen. Krag har såleis studert plassen til ynglingetradisjonen i segnhistoria, ynglingegenealogien i relasjon til kongelege genealogiar elles i Europa og til det lærde genealogiske arbeidet på Island.

Som argument framførde Krag at dødsfalla til fire første kongane representerte kosmologien til den greske filosofen Empedokles med dei fire elementa (jord, vatn, luft og eld), og såleis at eit euhemeristisk syn prega skildringa av dei første generasjonane. Oppfatninga til Krag vann stor åtgaum, mellom anna òg i den svenske leksikonskrivninga som Nationalencyklopedin.

Den tidlege hypotesen

Den seine dateringa til krag har likevel ikkje vorte ståande uimotsagt: om verket er eit seint propagandaverk burde det rimelegvis ha vorte avslutta med ein norsk konge som Harald Hårfagre og ikkje av den stort sett ukjende fetteren hans Ragnvald Heidrumhære, som ikkje verkar å vere særleg viktig etter 1000-talet. I teksten finst stader og stadnamn som arkeologien har vist til var viktig fram til vikingtida, men ikkje seinare, og såleis ikkje burde ha vorte oppført i ei seinare soge. Forskaren C.D. Sapp har gjeve lingvistiske argument for at teksten bør daterast til 900-talet, eller til naud 1000-talet, enn til seinare, og utelukker ein seinare falsifikasjon.

Den svenske forskaren Olof Sundquist hevdar at Krag overser tydelege teikn i Ynglingatal på ein tradisjon frå svensk område, synlege i kjenningar, stadnamn og personnamn. Kulturelle fenomen som kongen som går på heilage stader og minnet av ein elite av krigarar kan peike langt bakover i tid til folkevandringstida. Sundquist sluttar seg til at Tjodolv frå Kvine komponerte verket sitt på 900-talet og baserte han på ein alt eksisterande tradisjon. Han hevda òg at kosmologien til Empedokles vanskeleg kan hevdast som bevis på seinare datering då han kunne vere påverka frå Britannia eller Frankarriket[1].

Det vart òg peikt på det faktumet at Snorre har valt å attgje diktet, noko som i seg sjølv tyder på at det er ekte: om det hadde vore ein falsifikasjon frå hundreåret tidlegare ville han truleg ha kjent til det og avstått frå uredeleg å målbere det som eldre enn det faktisk var. Ynglingatal var elles inspirasjon for Håløygingatal av Øyvind Skaldespille som beviseleg vart skrive på slutten av 900-talet [2].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Catharing Ingelman-Sundberg: «Snorre Sturlasson återupprättas»
  2. Mats G. Larsson (2005): Minte av vikingatiden: De isländska kungasagorna och deras värld. Stockholm: Atlantis, side 37-38. ISBN 91-7353-065-4.
  • Claus Crag: Trosskiftet og teorien om sakralkongedømmet, Collegium Medievale 2001.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Janson, H.: Templum nobilissimum (Göteborg 1998).
  • Dómaldi's Death and the Myth of Sacral Kingship, i J. Lindow et al. (red.), Structure and Meaning in Old Norse Literature (Odense 1986).
  • Krag, C.: Ynglingatal og Ynglingesaga: en studie i historiske kilder (Oslo 1991).
  • Magerøy, H.: 'Ynglingatal', i Kulturhistoriskt lexikon för nordisk medeltid 20 (Malmö 1976), side 362-363.
  • Sapp, C.D.: «Dating Ynglingatal. Chronological Metrical Developments in Kviduhattr», Skandinavistik 2002:2, side 85-98
  • Schück, H.: «De senaste undersökningarna rörande ynglingasagan» [Svensk] Historisk tidskrift 1895:1, side 39-88.
  • Steinsland, Gro: Norrøn religion. Myter, riter, samfunn. Oslo 2005. ISBN 82-530-2607-2
  • Sundquist, O.: «Freyr's offspring. Rulers and religion in ancient Svea society». (2004)
  • Wallette, A.: Sagans svenskar (Malmö 2004).
  • Åkerlund, W.: Studier över Ynglingatal (Lund 1939).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]