Ynglingeætta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ynglingeætta eller Skilvingane er namnet på ei halvmytisk kongeætt knytt til kultstaden Uppsala i Sverige. Ynglingekongane vart rekna som kongar av Svitjod eller Svealand.

Ynglingane rekna seg som ætlingar av Frøy, som óg var kalla Ingve-Frøy. Snorre fortel at dei sat som kongar over sviane til Olav Tretelgja vart driven ut på grunn av illverka til far sin, Ingjald Illråde. Olav rydde Värmland, og sonen hans fekk arv i Noreg etter å ha ekta kongen i Solør. Seinare finn vi dei som kongar i Vestfold, der dei slog seg ned i Skiringssal (Kaupangen i Skiringssal) og etterkvart flytta dei nordover til Borre, der fleire av dei også vart gravlagde.

Ynglingane er omtala i Ynglingasaga, som er bygd på Ynglingatal, som vart dikta av Tjodolv frå Kvine for Harald Hårfagre. Elles finn ein namn frå ynglingeætta i kvadet Béowulf. I Dette kvadet vert dei kalla scylfingas eller «skilvingar», heller enn «ynglingar». Denne nemninga kan knytast til namnet «Skjolv», eit anna namn på Frøya. «Skilving» er elles eit av tilnamna til Odin.

Av andre kjelder veit vi at kongane i Vestfold var knytt til Danmark, både gjennom namn og utgravingar. At Snorre har knytt Hårfagreætta til Sverige heller enn til Danmark kan ha politiske årsaker. Namna i den nedste delen av ættlina, særskild namnet Halvdan som kjem att tre gonger (sist i Halvdan Svarte), tyder på dansk tilknytting. Halvdan var eit vanleg namn i Skjoldungeætta. Namnet Gudrød (far til Halvdan Svarte), svarar til det danske Godfred, namnet på den første kjende kongen i Hedeby.

Frå fornaldersogene kan ein rekne seg til at ynglingane og Skjoldungane nok har det same mytiske opphavet, og er tett knytt til den same kultiske tradisjonen. Skjoldungane rekna seg som ætlingar av Gjevjon (Frøya).

Kongeideologi[endre | endre wikiteksten]

Begge dei store herskarslektene i Noreg, ynglingeætta og ladejarlsætta, knesette statusen sin ved hjelp av bryllaupsmyten. På same måte som ynglingeætta fekk vørdnaden sin stadfest i Ynglingatal fekk ladejarlsætta sin i diktet Håløygjatal, dikta av den norske skalden Øyvind Skaldespille på slutten av 900-talet. I sistnemnde er Sæming ein son av Yngve-Frøy og er stamfar til Håkon jarl. Begge dikta er altså genealogiar eller slektslister og fungerte som mytologisk propagandadikting og alliansebygging. Segna har òg eit erotisk element i samsvar med religionshistorikaren Gro Steinsland og er såleis ein grødekultisk myte som fortel om tilhøvet mellom herskaren og hans landområde: «Skaldar skildrar landområdet som ei elskhugslengtande jotunkvinne som ligg i armane til jarlen. Fyrsten garanterer vekst og trivsel i landområdet sitt»[1]. Denne myten er attgjeven i Skirnesmål.

Det kan ha vore eit eige samband mellom kongen og grødegudinna der han i krisetider vart ofra til henne. Dette blir vist i forteljinga i Ynglingatal der sveane ofra kong Domalde etter langvarig uår. Dette er vorte illustrert i Carl Larsson sitt omdiskuterte monumentalbilete Midvinterblot, men det finst ingen andre prov som støttar kongeofringa.

Kongar av Ynglingeætta[endre | endre wikiteksten]

Dette er kongslista slik han er attgjeven hjå Snorre Sturlason. Historia Norvegiæ har nokre skilnader i namn og rekkefølgje.

Halvdan Svarte er son av Gudrød Veidekonge og Åsa, medan Olav er son av første kona til Gudrød, Alvhild. Ætta døydde ut med Rognvald Heidumhære. Det var Rognvald som fekk Ynglingatal dikta til seg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Steinsland, Gro: Norrøn religion. Oslo 2005. Side 406.