Ynglingesoga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrasjon til Ynglingesoga av Gerhard Munthe.

Ynglingesoga eller Ynglingasaga er den første soga i Heimskringla, Snorre Sturlason sitt verk frå 1200-talet om dei norske kongane si historie frå den mytologiske fornalderen og fram til 1177. Soga omtalar dei norrøne gudane som vanlege menneske. Innvoven i denne forteljinga er det referansar til viktige historiske hendingar.

Ynglingesoga byggjer mellom anna på eit kvad frå kring år 900. Kvadet «Ynglingatal» blei ifølgje tradisjonen forfatta av den norske skalden Tjodolf frå Kvine. Kvadet inneheld korte skildringar av kongane i Ynglingeætta.

Ynglingeætta vert framstilt å stamma ned frå Odin og Frøy, som den kristne Snorre rekonstruerte til historiske personar. I samband med dette vert soga om krigen mellom æsene og vanene og den avsluttande freden fortald, der Høne og Mime vert utveksla som gislar mot Njord, Frøy og Kvase.

Utom «Ynglingatal», stødde Snorre seg og på Skjoldungasoga og andre islandske kjelder då soga vart skriven. Det er likevel dekning for at Snorre har gjort ei rekkje redaksjonelle feil, særleg når han har tolka «Ynglingatal». Stundom har han teke kenningar og språklege bilete vel bokstaveleg, og enda opp med eit noko anna resultat enn det ein finn i andre kjelder (dette kan og vera resultat av overleveringa på Island).

Politisk har det vore viktig for Snorre å kople Ynglingeætta til ei svensk kongeætt, sjølv om den nedste delen av ætta (kongane i Vestfold), openbert har hatt meir med Danmark å gjera.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]