Yngvar Øysteinsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Yngvar Øysteinsson var ein konge av ynglingeætta, som av Øystein Adilsson, og far hans Braut-Ånund. Snorre Sturlason fortel at han var ein stor hærmann, siglde mykje ute, og herja på mange land. Sviaveldet var mykje utsett for plyndring på hans tid. Han vart teken på og drepen under eit hærtog til Estland, og er gravlagd i Adalsysla, ved Ösel.

Tjodolv frå Kvine seier i Ynglingatal:

Kunnugt var de,
at konung Yngvar
for Sysla-folke
stupa laut
Heren frå Estland
ved Havsens hjarta
den ljosleitte hovdingen
i Hel drap.
Auster-have
havgudens kvæde
syng ved haugen
åt sviakongen.

Den eldste Noregshistoria[endre | endre wikiteksten]

Historia Norvegiæ fortel at Yngvar fall på ei øy i Austersjøen som er kalla Øysysla (Ösel). Forteljinga om Estland er ukjend hær. I fotnota er det skriven at Øystein ofte vart kalla "hårete" i seinare ættelister.