Ynys Benlas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ynys Benlas er ei lita øy i Inland Sea mellom Anglesey og Holy Island i Wales. Ho er om lag 65 meter lang (aust-vest) og 35 meter brei (nord-sør) ved lågvatn, og har eit areal på 0,2 hektar.
Namnet er walisisk og tyder «blåtopp-øya», som ein trur kjem av at det visstnok veks blåklokke på øya.
I følgje Archaeological Journal (1844) kan det ha stått ein gammal varde på øya.
Øya må ikkje forvekslast med Ynys Benlas i Menaisundet nær Church Island, heller ikkje med Ynys-las nær RAF Valley.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ynys Benlas» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mars 2010.