Ynys Dulas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ynys Dulas sett frå kysten

Ynys Dulas (Dulas Island) er ei lita øy, utanfor nordaustkysten av Anglesey (Ynys Mon) i Wales. Ho utgjer den austlegaste delen av soknet Llaneilian.

Øya ligg om lag 2 km utfor kysten i Dulas Bay. Storleiken på øya varierer med tidvatnet og den maksimale lengda hennar er 623 meter og den maksimale breidda er 207 meter. På det minste måler ho 184 meter i lengderetninga og 35 meter i bredda. Øya er hovudsakleg berglendt, men det kjem fram sand ved lågvatn. Det vert ofte observert sel på og rundt øya.[1]. Det er lite vegetasjon på øya.

Ynys Dulas

På øya står ein sylinderforma struktur med ein kjegleform på toppen[2], bygt i 1924 av Lady Dorina Neave frå Llys Dulas Manor for å lagre mat og gje ly til forliste sjømenn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. CCW om sel i Nord-Wales
  2. PDF-fil om Dulas Bay-området

Koordinatar: 53°23′N 4°15′W