Yoann Gourcuff
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Yoann Miguel Gourcuff | |
| Fødselsdato | 11. juli 1986 | |
| Fødestad | Ploemeur i Frankrike | |
| Høgd | 186 cm | |
| Posisjon | Midtbane | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | Olympique Lyonnais | |
| Draktnummer | 29 | |
| Ungdomsklubb | ||
| 1997-2001 1998-2001 2001-03 |
||
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 2003-06 2006-09 2008-09 2009-10 2010- |
66 (6) 36 (1) 37 (12) 32 (6) 1 (0) |
|
| Landslag** | ||
| 2006-08 2008- |
18 (4) 22 (1) |
|
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga . |
||
Yoann Miguel Gourcuff (fødd 11. juli 1986 i Ploemeur i departementet Morbihan) er ein bretonsk, fransk fotballspelar. Han spelar på midtbanen for Lyon i Ligue 1 og det franske landslaget.
Gourcuff er son av Christian Gourcuff, trenaren til førstedivisjonslaget Lorient, der Gourcuff begynte karrieren sin. Han drog til Rennes i 2001 og debuterte på seniornivå der. Frå 2006 til 2009 spelte han for den italienske toppklubben Milan, men vart aldri fast på A-laget der. I 2008 gjekk han på lån til Bordeaux, og i 2009 vart overgangen permanent. Han vart kåra til årets franske spelar og årets spelar i Ligue 1 i 2009.
Gourcuff debuterte for Frankrike sitt A-landslag 20. august 2008 som innbytar i ein vennskapskamp mot Sverige. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Romania 11. oktober 2008. Under kvalifiseringskampane til fotball-VM i 2010 spelte Gourcuff fast som offensiv midtbanespelar for Frankrike.
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Lloris • 2 Sagna • 3 Abidal • 4 Réveillère • 5 Gallas • 6 Planus • 7 Ribéry • 8 Gourcuff • 9 Cissé • 10 Govou • 11 Gignac • 12 Henry • 13 Evra • 14 Toulalan • 15 Malouda • 16 Mandanda • 17 Squillaci • 18 Diarra • 19 Diaby • 20 Valbuena • 21 Anelka • 22 Clichy • 23 Carrasso • Trenar: Domenech |
||