Yoko Ono

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yoko Ono i 2005, der ho tek med blomar til John Lennon si minnelund 25 år etter at han blei drepen.

Yoko Ono[1] (fødd 19. februar 1933) er ein japansk-amerikansk kunstnar fødd i Tokyo. Ono blei verdskjend for tilhøvet og ekteskapet sitt til The Beatles-medlemmet John Lennon, og har sidan opptredd som musikar, forfattar og forkjempar for fred, kunst, kvinner og homofile sine rettar og behandling av aids.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Yoko Ono var fødd i ein fornem familie i 1933. Faren stamma frå ein japansk keisar og mora var barnebarn av bankieren Zenjiro Yasuda. Faren blei stasjonert til San Francisco to verker før ho blei fødd, og familien reiste seinare etter. I 1937 blei han forflytta tilbake til Japan, og Yoko Ono blei elev ved den eksklusive Gakushuin-skulen i Tokyo, som berre var open for aristokratiet.

Familien drog til New York, der faren arbeida, i 1940. Familien drog tilbake til Japan då faren blei forflytta til Hanoi, der han seinare blei teken som krigsfange under andre verdskrigen. Yoko Ono opplevde bombinga av Tokyo i mars 1945, og måtte flykta frå byen. Ho har fortald om korleis mora måtte be om og bytta til seg mat, og at familien måtte dra med seg eigedelane sine i ei trillebår. Yoko og broren skal ha blitt plaga av andre ungar for dette, og ho har sagt ho utvikla både aggressivitet og ei forståing for utanforståande gjennom desse opplevingane.

Kunstnar i USA[endre | endre wikiteksten]

«Painting to Hammer a Nail in / Cross Version» av Yoko Ono frå 2005, nær Graz i Austerrike.

Etter krigen flytta familien til USA, medan Yoko Ono blei igjen i Japan for å fullføra utdanninga si. I 1951 kom ho inn på filosofiprogrammet ved Gakushuin-universitetet, den første kvinna i dette faget. Etter to semester forlét ho universitetet. Ho flytta til familien i USA og blei student ved Sarah Lawrence College. Yoko Ono blei tiltrekt av kunstnarmiljøet i Manhattan, ikkje langt unna høgskulen. Ei tid var ho med i kunstnargruppa Fluxus, der retningar som dadaisme og avant garde var viktige. Ho var særleg inspirert av John Cage, som ho laga musikk med.

Saman med komponisten La Monte Young byrja Yoko Ono å verka som performancekunstnar i TriBeCa i 1960. Ho stod også bak konseptkunst som «Painting to Be Stepped On», eit lerret på golvet som blei eit ferdig verk ved at folk gjekk over det og laga fotavtrykk, og «Cut Piece», ein opptreden der tilskodarar fekk i oppdrag å klippa («cut») klede av den knelande kunstnaren til ho var naken.


Yoko Ono arbeidde med fleire medium. Ho laga fleire kunstfilmar mellom 1964 og 1972, som No. 4, som viste rumpa til fleire deltakarar medan dei gjekk på ei tredemølle, medan lydsporet hadde intervju med moglege og reelle deltakarar. I 1964 gav ho ut ei kunstbok, Grapefruit, med surrealistiske instruksjonar til stykke, som «Gøymsle-stykket»:

«Gøym deg til alle går heim. Gøym deg til alle gløymer deg. Gøym deg til alle døyr.»

John Lennon møtte Yoko Ono under ei førvising av utstillinga hennar ved Indica Gallery i London i november 1966. Eit verk som gjorde særleg inntrykk på han var «Ceiling Painting», ein installasjon der tilskodaren klatrar opp ein kvit stige, tek eit forstørrelseglas som heng frå taket, og les kva som står der oppe — «Y E S».

Lennon og musikk[endre | endre wikiteksten]

Yoko Ono og John Lennon i 1969, under innspelinga av «Give Peace a Chance».

Ono og Lennon blei kjærastar og samarbeidspartnarar rundt eit og eit halvt år seinare. I 1968 laga dei sitt første av fleire samarbeidsalbum, Unfinished Music No.1: Two Virgins. Ho bidrog også med inspirasjon til den eksperimentelle beatleslåta «Revolution 9» og song på «Birthday» og «The Continuing Story of Bungalow Bill», alle songar frå The White Album. Seinare danna Ono og Lennon Plastic Ono Band, som i første omgang også hadde med seg Eric Clapton, Klaus Voormann og Alan White. I tillegg til vanleg rock framførte gruppa avant garde-musikk der Yoko Ono song og hylte til forsterkarstøy.

I 1970 gav Ono ut sitt første soloalbum, Yoko Ono/Plastic Ono Band, medan John Lennon' gav ut John Lennon/Plastic Ono Band. Albumet hennar hadde med frijazzutøvarar som Ornette Coleman og musikarar osm John Lennon og Ringo Starr. Ono sitt album var nokså sært, med råe vokalar inspirert av japansk hetai (frå teaterforma kabuki) og dyrelydar.

Det neste albumet hennar, Fly, var noko lettare tilgjengeleg psykedelisk rock og omfatta songar som «Mrs. Lennon» og «Don't Worry, Kyoko (Mummy's Only Looking For Her Hand In The Snow)», tileigna den bortførte dottera hennar.

«Walking on Thin Ice (For John)» blei teken opp like før John Lennon blei skoten i 1980, og blei den første listesuksessen hennar. I 1981 gav ho ut albumet Season of Glass med bilete av dei blodige, knuste brillene til Lennon utanpå.

I 1985 gav Ono ut Starpeace, eit konseptalbum meint som ei motvekt til president Ronald Reagan sitt «Star Wars»-program. Dette albumet blei ein publikumssuksess og singelen «Hell in Paradise» var på fleire hitlister.

Yoko Ono produserte ein musikal kalla New York Rock i 1994 og samarbeidde med sonen Sean og gruppa hans Ima og albumet Rising i 1995. I 2001 gav ho ut det feministiske konseptalbumet Blueprint for a Sunrise. I 2009 kom Between My Head and the Sky.

Det er også laga fleire remiksar og coverversjonar av Yoko Ono sine songar.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Yoko Ono gifta seg med komponisten Toshi Ichiyanagi i 1956. Dei separerte, og blei formelt skilde i 1963. Dette året gifta ho seg med multikunstnaren Anthony Cox, og fekk ei dotter med han, Kyoko Chan Cox. Dei skilde seg i 1969 og Yoko Ono fekk foreldreretten, men Cox bortførte Kyoko. Mor og dotter fekk først kontakt igjen på 1990-talet. Ono gifta seg med John Lennon i mars 1969. Ho var svanger med eit barn dei kalla John Ono Lennon II som aborterte i 1968. I 1975 fekk fekk dei sonen Sean Ono Lennon. Ono var vitne til at John Lennon blei skoten og drepen i 1980. Etter hendinga trekte ho seg tilbake frå det offentlege ei lang stund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Namnet blir skrive オノ・ヨーコ [Ono Yōko] med japansk katakana og 小野洋子 med kanji.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Yoko Ono