Yorkshire og Humber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yorkshire and the Humber)
Yorkshire og Humber

Yorkshire og Humber i England
Geografi
Status Region
Areal 15 420 km²
Demografi
Folketal
— Totalt
— Folketettleik

5 142 400
333,5 /km²
BIN per innbyggjarar £16 880 (8.)
Styre
Adm. senter Leeds
Nettstad

Yorkshire og Humber (engelsk Yorkshire and the Humber) er ein av regionane i England. Han dekkjer det meste av det tradisjonelle grevskapet Yorkshire og den nordlege delen av Lincolnshire som tidlegare høyrte til Humberside.

Regionen heitte opphavleg Yorkshire og Humberside, men etter at Humberside vart oppløyst vart namnet endra. Namnet kjem frå det tradisjonelle grevskapet som dekkjer det meste av regionen og elva Humber som renn gjennom han.

Regionen består av følgjande grevskap og einskaplege styresmakter:

  1. Sheffield
  2. Rotherham
  3. Doncaster
  4. Barnsley
  5. Wakefield
  6. Kirklees
  7. Calderdale
  8. Bradford
  9. Leeds
  10. North Yorkshire
  11. York
  12. East Riding of Yorkshire
  13. Kingston upon Hull
  14. North Lincolnshire
  15. North East Lincolnshire