You'll Need Somebody on Your Bond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
You'll Need Somebody on Your Bond
Singel av Blind Willie Johnson
B-side «Bye and Bye I'm Goin' to See the King»
Utgjeve 1930
Innspelt New Orleans i Louisiana
11. desember 1929
Sjanger Gospelblues
Lengd 3:05
Selskap Columbia (Cat. nr. 14504)
Blind Willie Johnson-kronologi
«Let Your Light Shine on Me»
(1930)
You'll Need Somebody on Your Bond «Take Your Burden to the Lord and Leave It There»
(1930)

«You'll Need Somebody on Your Bond» (seinare kalla «You're Gonna Need Somebody on Your Bond») er ein song som både er rekna som ein tradisjonell song og er tilskriven Texas-songaren og gitaristen Blind Willie Johnson. Johnson gav ut den første kjende innspelinga av songen på Columbia Records som «You'll Need Somebody on Your Bond» og seinare ein ny versjon kalla «You're Gonna Need Somebody on Your Bond». «You'll Need Somebody on Your Bond» vart spelt inn 11. desember 1929, i New Orleans i Louisiana. «You're Gonna Need Somebody on Your Bond» vart spelt inn 20. april 1930, i Atlanta i Georgia. Det var den siste songen Johnson spelte inn.

Som med mange av songane til Blind Willie Johnson vart «You'll Need Somebody on Your Bond» spelt med Johnson på solovokal og slidegitar og ein ukjend kvinneleg songar på vokal. Ein trur at dette var den første kona hans, Angeline Johnson, men dette er seinare motbevist av biografar.

«You'll Need Somebody on Your Bond» er ein gospelsong som formaner om behovet for Jesus Kristus og rådar lyttaren til å sikre seg frelse med ein gong, fordi ein kan døy når som helst. Blind Willie og Angeline song songen på gatene i byane i Texas.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Buffy Sainte-Marie[endre | endre wikiteksten]

I 1964 spelte Buffy Sainte-Marie inn «You're Gonna Need Somebody on Your Bond» med noko anna tekst og gav han ut på debutalbumet It's My Way!. Debutalbumet hennar selde ikkje så godt, men påverka visemiljøet både i Storbritannia og USA. Sainte-Marie spelte songen på akustisk gitar utan slide og song songen utan korvokal.

Donovan[endre | endre wikiteksten]

You're Gonna Need Somebody on Your Bond
Singel av Donovan
frå albumet What's Bin Did and What's Bin Hid
B-side «The Little Tin Soldier»
Utgjeve November 1965 (US)
Innspelt 1965
Sjanger Folk
Lengd 4:04 (Side A)
3:02 (Side B)
Selskap Hickory 45-1375
Produsent Terry Kennedy, Peter Eden, Geoff Stephens
Donovan (USA)-kronologi
«Universal Soldier»
(9/1965)
You're Gonna Need Somebody on Your Bond «To Try for the Sun»
(1/1966)

Den skotske visesongaren Donovan spelte «You're Gonna Need Somebody on Your Bond» tidleg i 1965 for debutalbumet What's Bin Did and What's Bin Hid. Sidan Donovan spelte inn «Universal Soldier» frå debutalbumet til Buffy Sainte-Marie, er det truleg her han høyrte «You're Gonna Need Somebody on Your Bond» òg.

Seint i 1965 vart Donovan tvungen til å stoppe innspelingane sine på grunn av kontraktsproblem mellom Epic Records og hans tidlegare selskap Pye Records. Dette gapet i utgjevinga frå Donovan vart delvis fylt av «Turquoise» i Storbritannia, men Hickory Records (distributøren til Pye Records i USA) valte å ikkje ut denne singelen i USA, fordi han selde dårleg i Storbritannia.

I staden gav Hickory Records ut «You're Gonna Need Somebody on Your Bond» med «The Little Tin Soldier» som B-side i november 1965. «You're Gonna Need Somebody on Your Bond» var alt gjeven ut i USA på albumet Catch the Wind og «The Little Tin Soldier» var henta frå Fairytale. Ingen av songane var opphavleg meint for singlar og selde heller dårleg.

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er Hunter Robertson, Captain Beefheart og Taj Mahal.