You're the One

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
You're the One
Studioalbum av Paul Simon
Utgjeve 3. oktober 2000
Innspelt 1999 - 2000
Sjanger Rock
Lengd 44:09
56:45 (nyutgåve frå 2004)
Selskap Warner Bros.
Produsent Paul Simon
Kritikk
Paul Simon-kronologi
Greatest Hits: Shining Like a National Gitar
(2000)
You're the One Surprise
(2006)

You're the One er det tiande studioalbumet til Paul Simon og kom ut i 2000. Det var det første suksessrike albumet hans på ti år. Albumet vart nominert til Grammy-pris for «Årets album» i 2001 og Simon vart då den første artisten som vart nominert til denne kategori i fem tiår på rad, frå 1960-åra til 2000-åra. I 2006 vart Paul McCartney den einaste andre artisten som har klart det same. You're the One vart òg rekna som eit comeback etter det noko mislukka førre albumet hans, Songs from The Capeman. Albumet vart nymastra og gjeven ut på nytt i 2004 med tre konsertopptak som bonusspor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Paul Simon. 

# Tittel Lengd
1. «That's Where I Belong»   3:12
2. «Darling Lorraine»   6:39
3. «Old»   2:19
4. «You're the One»   4:27
5. «The Teacher»   3:36
6. «Look at That»   3:54
7. «Señorita with a Necklace of Tears»   3:41
8. «Love»   3:50
9. «Pigs, Sheep and Wolves»   3:58
10. «Hurricane Eye»   4:12
11. «Quiet»   4:17

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Paul Simon – vokal, gitar, sitar
  • Steve Gorn – bambusfløyte
  • Larry Campbell – pedalsteel
  • Dan Duggan – hammardulcimer, vielle
  • Jay Elfenbein – vielle, vihuela
  • Steve Gadd – trommer
  • Jamey Haddad – perkusjon
  • Peter Herbert – kontrabass
  • Bakithi Khumalo – bass
  • Skip LaPlante – harp, boller
  • Abraham Laboriel – bass
  • Howard Levy – munnspel
  • Alain Mallet – piano, pumpeorgel & hamonium, wurlitzer
  • Vincent Nguini – gitar
  • Andy Snitzer – sopran- & tenorsaksofon
  • Evan Ziporyn – bassklarinett, sopran- & tenorsaksofon
  • Clifford Carter – celeste, klokkespel
  • Mark Stewart – dobro, pedalsteel, cello, gitar
  • Steve Shehan – perkusjon