You Can Call Me Al

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«You Can Call Me Al»
Singel av Paul Simon
frå albumet Graceland
Språk engelsk
Utgjeve oktober 1986
Innspelt 1986
Sjanger Pop
Lengd 4:40
Selskap Warner Bros. Records
Komponist Paul Simon
Tekstforfattar Paul Simon
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent Paul Simon
Paul Simon-kronologi 
«Think Too Much»
(1983)
«You Can Call Me Al» «Graceland»
(1987)


«You Can Call Me Al» er ein song av Paul Simon og den første singelen frå albumet Graceland. Songen gjekk opphavleg opp til 44. plass på lista i USA i oktober 1986, men vart gjeven ut på ny med betre promotering i mars 1987og nådde 23. plass. I Storbritannia gjekk han heilt til fjerdeplassen og i Sverige og Nederland andreplass.

Teksten er tolka til å skildre ein mann som opplever ei midtlivskrise.[1] («Where's my wife and family? What if I die here? Who'll be my role model?»).

Det er ein bassgang i songen spelt av Bakithi Kumalo. Den andre halvdelen av bassoloen er den første halvdelen spelt baklengs.

Namnet frå songen kom frå ein fest Simon var på med den dåverande kona si Peggy Harper. Vertane på festen kalla feilaktig Paul for «Al» og Peggy for «Betty», noko som inspirerte Simon til å skrive ein song.[2]

Musikkvideoar[endre | endre wikiteksten]

Paul Simon likte ikkje den originale musikkvideoen han lagde, som vart ei framføring av songen Siomn gav under monologen han hadde då han var vert i Saturday Night Live.[3] Ein ny video vart laga i lag med Lorne Michaels og regissert av Gary Weis, der Chevy Chase mimar til songen.[4] Simon hadde ei uttrykk i andletet som om han keia seg gjennom heile videoen, medan Chase såg særs entusiastisk ut.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er Noah and the Whale, Hot Club de Paris, Jens Lekman, moe. og Inspection 12.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]