You Don't Know How It Feels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
You Don't Know How It Feels
Singel av Tom Petty
B-side

«Girl on LSD»

Utgjeve Oktober 1994
Sjanger Rock
Lengd 4:49
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Tom Petty
Tom Petty-kronologi 
«American Girl»
(1994)
You Don't Know How It Feels «You Wreck Me»
(1995)


«You Don't Know How It Feels» er ein song av Tom Petty frå albumet Wildflowers frå 1994. Songen var den første singelen på albumet og nådde toppen av Billboard Hot Mainstream Rock Tracks-lista og 13. plassen på Billboard Hot 100.[1]

MTV og mange radiostasjonar spelte ein sensurert versjon av «You Don't Know How It Feels,» der dei spelte ordet «joint» baklengs i «let's roll another joint»[2] — i tillegg vart ein versjon der ordet «roll» vart erstatta med «hit» (som endrar tydinga i setninga frå å røyke marihuana til å vitje ein bar.[3] Likevel vann musikkvideoen MTV-prisen for årets beste mannlege video i 1995.

Girl on LSD[endre | endre wikiteksten]

Petty hadde opphavleg tenkt å ta med B-sida til singelen, «Girl on LSD», på Wildflowers, men Warner Bros. godtok ikkje dette fordi han var for kontroversiell.[4] I songen syng Petty om å forelske seg i jenter som går på forskjellige typar dop: marihuana, kokain, LSD, øl, krystallmetamfetamin, china white (eit slanguttrykk for heroin) og kaffi.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1994–95) Plassering
Kanadiske RPM Top Singles 3
UK Singles Chart 119
US Billboard Hot 100[5] 13
US Billboard Pop Songs[5] 8
US Billboard Adult Contemporary[5] 22
US Billboard Hot Mainstream Rock Tracks 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

End of year chart (1995) Plassering
US Billboard Hot 100[6] 61

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]