You Don't Bring Me Flowers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
You Don't Bring Me Flowers
Singel av Neil Diamond og Barbra Streisand
frå albumet Barbra Streisand's Greatest Hits Vol. 2 og You Don't Bring Me Flowers
A-side You Don't Bring Me Flowers (Duett)
B-side You Don't Bring Me Flowers (Instrumental)
Utgjeve Oktober 1978
Sjanger Easy Listening
Lengd 3:25
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Neil Diamond
Alan Bergman and Marilyn Bergman
Produsent Bob Gaudio
Barbra Streisand-kronologi
«Love Theme from Eyes of Laura Mars (Prisoner)» You Don't Bring Me Flowers «Superman»
Neil Diamond-kronologi
«Desiree» You Don't Bring Me Flowers «Forever in Blue Jeans»

«You Don't Bring Me Flowers» er ein song skriven av Neil Diamond med tekst av Alan Bergman og Marilyn Bergman for fjernsynsserien All That Glitters. Songen var meint som kjenningsmelodien til showet, men Norman Lear endra konseptet og songen passa ikkje lenger inn. Diamond utvida så songen frå 45 sekund til over tre minuttar. Songen vart først gjeven ut i 1977 på albumet I'm Glad You're Here with Me Tonight som ei soloframføring. Tidleg i 1978 vart songen spelt inn på ny av Barbra Streisand og denne versjonen som kom ut på albumet hennar Songbird.

Ein radiomann, Gary Guthrie, laga sjølv ein versjon der han limte dei to versjonane saman, som ei farvellgåve til kona, som han nettopp var skilt frå. Dette vart kjend i media og Columbia Records vart interessert i å få Streisand og Diamond i studio i lag for å spele inn ein «offisiell» duett, i oktober 1978. Denne songen nådde toppen av Hot 100-lista i USA og vart den tredje førsteplassen for begge songarane.[1]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er countryartistane Jim Ed Brown og Helen Cornelius (tidleg i 1979), Dean Reed og ungarske Kati Kovács på tysk og engelsk (1980)[2], Julie Andrews (1982), Noel Edmonds (1993), Ice-T og ein flau Tupac Shakur på eit Saturday Night Live-show, Liberace og Tina Turner i duett med Tom Jones (1978).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (1996). The Billboard Book of Top 40 Hits, 6th Edition (Billboard Publications)
  2. «Dean Reed - You Don't Bring Me Flowers». YouTube. 2006-12-31. http://youtube.com/watch?v=VY0Y78r2uvg. Henta 30. august 2013.