You Never Can Tell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«You Never Can Tell» er ein song av Chuck Berry. Songen vart opphavleg gjeve ut i 1964 på albumet St. Louis to Liverpool. Songen kom òg på singel og nådde 14. plass på den amerikanske singellista. Songen har seinare vorte spelt av artistar som Emmylou Harris og Bob Seger, sistnemnde på Greatest Hits-albumet sitt med tittelen «C'est la Vie».

Songen skildrar bryllaupet til eit ungt par og hendingane etterpå, som det å leve i ein møblert leilegheit, kjøpe ein familiebil og reise på bryllaupsreise til New Orleans. Refrenget i songen vert gjenteke fem gonger: «'C'est la vie', say the old folks, it goes to show you never can tell».

Pulp Fiction[endre | endre wikiteksten]

Songen vart ei kort stund populær etter at han medverka i Quentin Tarantino-filmen Pulp Fiction. Musikken vart spelt under ein dansekonkurranse der rollene til John Travolta og Uma Thurman deltok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]