You Really Got Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«You Really Got Me»
Singel av The Kinks
frå albumet Kinks
B-side «It’s Alright»
Utgjeve 4. august 1964
Innspelt Juli 1964, IBC Studios i London i England
Sjanger Hardrock, garagerock
Lengd 2:14
Selskap Pye 7N 15673
Reprise 0306
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Shel Talmy
The Kinks-kronologi
«You Still Want Me»
(1964)
«You Really Got Me» «All Day and All of the Night»
(1964)

«You Really Got Me» er ein rockesong skriven av Ray Davies og spelt av bandet hans The Kinks. Han vart gjeven ut som den tredje singelen til bandet i august 1964 og nådde førsteplassen i Storbritannia, der han låg i to veker. Han var gjennombrotshitten til bandet og gjorde dei til eit av dei fremste banda i den britiske bølgja i USA, der songen nådde sjuandeplassen. Songen vart seinare gjeven ut på debutalbumet til the Kinks, Kinks.

«You Really Got Me» er bygd opp omkring powerakkordar[1] og påverka tungt andre rockeartistar, særleg innan heavy metal-sjangeren. Ein kritikar skreiv at «dette er songen som fann opp heavy metal»[1], medan kritikar Denise Sullivan i Allmusic skriv «'You Really Got Me' er ein blåkopi for songar innan hardrock og heavy metal[2]

Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 82. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene og på fjerde plass på lista over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene.[3]. Tidleg i 2005 vart songen stemnd fram som den beste britiske songen i perioden 1955–1965 på BBC radio. I mars 2005 plasserte musikkmagasinet Q songen på niandeplass på deira liste over dei 100 beste gitarsongane.[4] I 2009 vart songen av VH1 plassert på 57. plass på lista deira over dei beste hardrocksongane gjennom tidene.[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn av the Kinks i fleire stilartar sommaren 1964 før dei kom fram til den endelege utgåva. Bandet var under stort press frå plateselskapet Pye som ønskte ein stor hit, etter at dei to førre singlane ikkje hadde nådd salslistene. Ray Davies tvinga managerane og plateselskapet til å la dei få tid og pengar til å utvikle den særeigne stilen. Som låtskrivar av gjennombrotshitten, plasserte dette Davies som leiar og hovudlåtskrivar i the Kinks.

Den viktige forvrengde gitarlyden vart laga etter at gitarist Dave Davies skar hol i høytalarkonusen på gitarforsterkaren sin.[2] Forsterkaren vart kalla «den vesle grøne» etter namnet på ein forsterkar laga av Elpico.

Gitarsoloen på innspelinga har vore mykje omstridd, og det finst ei myte om at det ikkje var Dave Davies som spelte gitaristen, men dåverande studiomusikar Jimmy Page. Soloen vart utan tvil spelt av Dave Davies (då 17 år gammal) sidan nesten alle som var involvert i innspelinga i juli 1964 har hevda dette. Soloen er ein viktig del av songen, men er i hovudsak ein raskare utgåve av gitarsoloen Davies spelte på «Louie Louie», og var verken spesielt teknisk godt utført eller nyskapande, som dei tre akkordane i introduksjonen var. Denne slurvete måten å spele på har vore ei stor inspirasjonskjelde for punkrock. Page var faktisk hyrt inn som studiomusikar på debutalbumet til The Kinks av produsent Shel Talmy, men Page sjølv har alltid nekta for at han spelte på «You Really Got Me», som vart spelt inn ei stund før resten av debutalbumet. Rockehistorikar og forfattar Doug Hinman har skrive at ryktet starta i det etablerte britiske rhythm and blues-miljøet, der mange var tvilande til at eit så ferskt band av tenåringar som the Kinks kunne produsere ein så mektig og viktig bluesbasert song, tilsynelatande ut av ingenting.[6]

Fleire studiomusikarar spelte likevel på «You Really Got Me». Pianoet vart anten spelt av Jon Lord, seinare i Deep Purple[7] eller Arthur Greenslade[8] Trommene vart spelt av Bobby Graham og ikkje den faste Kinks-trommisen Mick Avory. Graham spelte seinare trommer på fleire av dei tidlege innspelingane til Kinks. Både Jon Lord og Shel Talmy har hevda at Jimmy Page spelte på «You Really Got Me», i følgje Talmy på rytmegitar.[9].

I følgje Ray Davies kom dei fram til det karakteristiske gitarriffet medan dei arbeidde med akkordane til The Kingsmen sin «Louie Louie». The Kinks nytta den same forvrengd gitarlyden på songar som «All Day and All of the Night», «Tired of Waiting for You», og «Set Me Free». Pete Townshend frå The Who har fortalt at den første singelen til The Who, «I Can’t Explain», med vilje vart gjort liknande The Kinks sine songar på denne tida. The Who var òg produsert av Shel Talmy.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

«You Really Got Me» er spelt av mange band sidan. Van Halen si utgåve frå 1978 vart mykje spelt på radio og vart ein mindre hit. Eit utval andre artistar er 801, London Symphony Orchestra, Mott the Hoople, Jimmy Page, Robert Palmer, Iggy Pop, Skid Row, Sly & the Family Stone, The Small Faces, The Stooges og 13th Floor Elevators.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Walser, Robert (1993). Running with the Devil: Power, Gender and Madness in Heavy Metal Music, s.9. Wesleyan University Press. ISBN 0819562602.
  2. 2,0 2,1 Omtale av «You Really Got Me», Denise Sullivan, Allmusic, All Music.com
  3. The 100 Greatest Guitar Songs of All Time : Rolling Stone
  4. http://www.ultimate-guitar.com/news/general_music_news/greatest_guitar_tracks.html
  5. «spreadit.org music». http://music.spreadit.org/vh1-top-100-hard-rock-songs/. Henta 9. april 2009. 
  6. Doug Hinman – You Really Got Me, An Illustrated World Discography of the Kinks, 1964-1993 (1994) ISBN 0-9641005-0-9
  7. Jon Lord - Pictured Within www.picturedwithin.com
  8. Ray Davies intervju med Creem www.creemmagazine.com
  9. Intervju med Shel Talmy, Richie Unterberger, richieunterberger.com


81:
 «I Heard It Through the Grapevine» 
Marvin Gaye
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
80

The Kinks – «You Really Got Me»

79:
 «Mr. Tambourine Man» 
The Byrds