You Won't See Me
| You Won't See Me av The Beatles frå albumet Rubber Soul |
||
| Utgjeve | 3. desember 1965 | |
| Innspelt | 11. november 1965 Abbey Road Studios |
|
| Sjanger | Poprock[1] | |
| Lengd | 3:22 | |
| Selskap | Parlophone | |
| Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
|---|---|---|
| Produsent | George Martin | |
| You Won't See Me Singel av Anne Murray frå albumet Love Song |
||
| A-side | He Thinks I Still Care | |
|---|---|---|
| Utgjeve | april 1974 | |
| Innspelt | januar 1974 | |
| Sjanger | Pop, country | |
| Selskap | Capitol Records 3867 | |
| Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
| Produsent | Brian Ahren | |
| Anne Murray-kronologi | ||
| «A Love Song» (1974) |
You Won't See Me | «Son of a Rotten Gambler» (1974) |
«You Won't See Me» er ein song av The Beatles, frå albumet Rubber Soul. Han er tilskriven Lennon/McCartney, men vart i røynda skriven av Paul McCartney. Dette er ein av få songar der McCartney syng lågare harmoni, medan Lennon og Harrison syng den høgare harmonien i lag.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Songen er om ei krise i forholdet til den dåverande kjærasten til McCartney, Jane Asher. Ho slutta å ringe attende til han og ignorerte han ein periode. Den meir bitande tonen i songen markerer ei endring frå tidlegare, lykkelegare kjærleikssongar. «You Won't See Me» vart innspelt under den siste innspelingsdagen for Rubber Soul. Med ei lengd på 3:22 var songen den lengste The Beatles hadde spelt inn til då og markerte ein trend Bob Dylan og andre starta på denne tida med å skrive lengre songar.[2]
Mal «Organ» Evans (ein av roadieane til Beatles gjennom heile karrieren deira) spelte hammondorgel på denne songen.[2]
Medverkande [endre]
- Paul McCartney – Solovokal, bass, piano
- George Harrison – korvokal, sologitar
- John Lennon – korvokal
- Ringo Starr – trommer, tamburin
- Mal Evans – Hammondorgel
Andre versjonar [endre]
I 1974 vart «You Won't See Me» ein stor hit for Anne Murray, og nådde 8. plass på Billboard Hot 100 og førsteplassen på Billboard Easy Listening singles-lista.[3] Lennon fortalte Murray at versjonen hennar av «You Won't See Me» var hans favoritt av coverversjonane av Beatles-songar.[4]
Songen vart spelt inn av Bryan Ferry på albumet These Foolish Things i 1973. Robert Palmer spelte òg inn ein versjon av songen.
The Bee Gees spelte songen i Australia i 1966 og vart sidan gjeven ut på albumet Inception/Nostalgia i 1970, som berre vart gjeven ut i Tyskland, Frankrike og Japan.
Billy Joel nytta ein kort del av songen i hans «All You Wanna Do Is Dance».
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «You Won't See Me» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- (2010) Plateomslagstekst for The Best...So Far. Capitol (ASIN: B000002TU5).
- MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records og the Sixties (Second Revised ed.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3.
- «You Won't See Me». The Beatles Bible. 2009. http://www.beatlesbible.com/songs/you-wont-see-me/. Henta 15 april 2009.
- ↑ Olivier Julien, "Sgt. Pepper and the Beatles: it was forty years ago today", (Ashgate Publishing, Ltd., 2008), ISBN 0754667081, s.27.
- ↑ 2,0 2,1 The Beatles Bible 2009.
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 176.
- ↑ Capitol 2010.
|
|
|
|---|---|
| John Lennon · Paul McCartney · George Harrison · Ringo Starr Pete Best · Stuart Sutcliffe |
|
| Britiske studioalbum | Please Please Me · With The Beatles · A Hard Day's Night · Beatles for Sale · Help! · Rubber Soul · Revolver · Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band · Magical Mystery Tour · The Beatles · Yellow Submarine · Abbey Road · Let It Be |
| Filmar | A Hard Day's Night · Help! · Magical Mystery Tour · Yellow Submarine · Let It Be |
| Tilknytte artiklar | Brian Epstein · George Martin · The Quarrymen · Lennon/McCartney · Den britiske bølgja |