You and Me av Alice Cooper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
You and Me
Singel av Alice Cooper
frå albumet Lace and Whiskey
B-side

«It's Hot Tonight»

Utgjeve 1977
Sjanger Easy Listening
Lengd 5:09
Selskap Warner Bros.
Tekstforfattar Alice Cooper
Låtskrivar(ar) Alice Cooper, Dick Wagner
Produsent Bob Ezrin
Alice Cooper-kronologi 
«I Never Cry»
(1976)
You and Me «(No More) Love at Your Convenience»
(1977)


«You and Me» er ein song frå 1977 av Alice Cooper og den første singelen frå albumet hans Lace and Whiskey.

Songen var ein easy listening-ballade som nådde 9. plass på den amerikanske singellista i 1977. Songen vart den siste store hitten til Cooper før «Poison» 12 år seinare.

Cooper spelte ofte «You and Me» på konsertane sine i 1977 og 1978. Han song òg songen på The Muppet Show i 1978[1], som ein duett.

Frank Sinatra framførte «You and Me» som ei hyllest til Cooper etter at Cooper hadde hjelpt ein ung gut inn på ein baseball-kamp. Guten viste seg å vere sonen til ein av dei beste venane til Sinatra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ultimate Disney Muppet Show DVD info