Young Lust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
'''''
Song av
frå albumet
The Wall
Utgjeve 30. November 1979
Innspelt April-november, 1979
Sjanger Hardrock
Lengd 3:30
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Låtskrivar(ar) Roger Waters, David Gilmour
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters

Young Lust er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters og David Gilmour. Songen vart gjeve ut på albumet deira The Wall i 1979.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var songen meint som ein instrumental, men under innspelingsprosessen av albumet skreiv Roger Waters tekst til songen. Songen er sunge av David Gilmour, men Roger Waters syng harmonivokal på refrenget, og han har eit rått hardrock-lydbilete som er uvanleg for Pink Floyd.

Songen følgjer etter «Empty Spaces» på albumet, og overgangen mellom desse er brå. På grunn av dette vert ofte desse to songane spela i lag på radio.

Plot[endre | endre wikiteksten]

Som med dei andre songane på The Wall fortel «Young Lust» historia om hovudpersonen Pink. Pink har no blitt ei rockestjerne, og er alltid heimefrå på grunn av livsstilen sin. Som følgje av dette byrjar han å invitere kvinnelege tilhengjarar til rommet sitt mellom konsertane.

Slutten av songen er ein dialog mellom Pink og ei telefondame, og det er då han forstår at kona hans har eit anna forhold, og nervesamanbrotet hans skyt fart. Dialogen med telefondama var noko Waters arrangerte med ein ven i England i samband med innspelinga av albumet i Los Angeles. Han visste at telefondama faktisk måtte tru at han hadde avslørt at kona hadde eit forhold på si, og fortalte ho derfor ikkje at ho vart tatt opp på band. Han starta ein noteringsoverført samtale som «Mr. Floyd» med «Mrs. Floyd» til venen hans i England. Venen sa «Hallo?» og la på. Den første telefondama skjøna ikkje kva som tilsynelatande skjedde, medan den andre telefondama kom med på albumet.

Filmversjon[endre | endre wikiteksten]

Kvinnelege tilhengjarar forfører vaktene for å kome seg inn i Pink sin bustad. Ein tilhengjar ber om autografen til Pink, men han går berre inn i bustaden sin medan ho følgjer etter han.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]